Bitcoin Forum

Local => Skandinavisk => Topic started by: sturle on September 08, 2014, 01:58:06 PM



Title: Svindlar på localbitcoins (ccmester)
Post by: sturle on September 08, 2014, 01:58:06 PM
Om nokon har selt bitcoins til ccmester på localbitcoins, bør dei snarast kontakte avsendar av pengane.  Han har prøvd å handle av meg, men det tok lenger tid enn det skulle før pengane kom.  Då vert eg automatisk mistenksam.  Veldig.  Då overføringa kom var avsendar "Stiftelsen Norsk Rikstoto".  Eg tok kontakt med Norsk Rikstoto, og det viser seg at fyren har spelt på hest med stolne kredittkort og oppgitt kontonummeret til seljarar på localbitcoins for utbetaling av gevinst.  Då hadde fyren allereie avtalt eit nytt kjøp av meg og overført pengar på same måte.  Den utbetalinga fekk Norsk Rikstoto stansa.

Brukaren er sperra no, men eg ser han har over 30 handlar.  Eg veit ikkje om alle desse er svindel.  Om nokon andre her har handla med fyren, er eg og Norsk Rikstoto og sannsynlegvis politiet interessert i å høyre om det.  Spesielt om pengane har komme frå personlege konti som kan vere hans eigne.  Fyren hadde ei annonse ute for bitcoin mot thailandske bath, so det kan hende han oppheld seg fysisk der.