Nice, noe info/detaljer om det foredraget i Bergen? Linker o.l?
Apps & Bitcoins @ First Tuesday Bergen
First Tuesday Bergen
Tuesday, February 7, 2012 at 7:00 PM (CET)
Bergen, Norway
![](https://ip.bitcointalk.org/?u=https%3A%2F%2Fevbdn.eventbrite.com%2Fs3-s3%2Feventlogos%2F1158237%2Fsturlesunde2200.jpg&t=663&c=DtusXcHcGk6elw)
Sturle Sunde
Bitcoin - verdens nye valuta?
Bitcoin er noko så genialt som ein distribuert krypto-valuta! Eit betalingsmiddel utan noko sentralt punkt. Ingen sentralbank og ingen kortselskap. Ingen som kan halde attende eller reversere betalingar, og praktisk talt ingen gebyr. Bitcoin kjenner heller ingen landegrenser, og du kan ta kopi av lommeboka di slik at du ikkje mister pengane dine dersom originalen vert stolen. Det finst fleire løysingar for å kunne betale med bitcoin i vanlege butikkar, til dømes ved hjelp av ein moderne smarttelefon, og bitcoin vert stadig meir populært som betalingsmiddel på nett. Foredraget vil gi ei innføring i kva bitcoin er, og korleis det kan brukast.
Sturle Sunde er 39 år og flytta til Florø då han stifta familie i 2008. Der driv han til dagleg IT-systema til skulane i kommunen. Før det arbeidde han med unix-drift ved Universitetet i Oslo. Han interesserer seg mellom anna for distribuert datahandsaming, personvern, kryptografi og økonomi. Sommaren 2010 snubla han over Bitcoin, som kombinerer alle interessene i eitt prosjekt. Som ein mann med mange rare idear, produserer han sjølv bitcoins heime med prosessorane i kraftige grafikk-kort, og brukar varmen frå dei vasskjølte korta til å varme huset. Elles tener han litt pengar på handel med bitcoin.