I Eu er Bitcoin annset som gyldig betalingsmiddel og kan derfor byttes i annen valutta.. eks. Dollar og Euro på en utenlandsk exange.
Deretter kan du få pengene inn på en konto i utlandet i eks. Dollar eller Euro og føre dette over til din norske bank.
Dette blir da innførsel av valutta/valutta handel.
Niks. Ved sal av ei elektronisk fjernleverbar teneste, er det
bustaden til kjøparen som er avgjerande. Kjøparen er ikkje børsen, men ein annan, for deg som regel ukjend, kunde av børsen. Lukke til med å dokumentere at denne kjøparen bur i utlandet. Nei, kva valuta du byter bitcoin mot er
ikkje relevant. Nøyaktig dei same vilkåra gjeld, anten du handlar i norske kroner eller utanlandsk valuta. Det er heller ikkje relevant kva land børsen ligg i, sidan det er bustaden til kjøparen som avgjer om salet er mva-pliktig.
Dette er logisk. Elles ville Spotify, og alle andre som sel fjernleverbare elektroniske tenester i EU, til eikvar tid selje tenestene sine frå det landet som har lågast mva-sats.
Dette er ikkje heilt svart/kvitt. Sidan bitcoin er deponert på den utanlandske børsen, kan du argumentere med at det er børsen som leverer tenesta til sluttkunden. Då er det i prinsippet børsen som er mva-pliktig. Ja, eit utanlandsk selskap som leverer elektronisk fjernleverbare tenester vil vere mva-pliktig til Noreg når dei leverer tenester til norske kundar. Då kan du hevde at børsen er mva-pliktig, og børsen hevde at du er mva-pliktig, og dette kan de krangle om til Dovre fell, for Skattedirektoratet famlar i mørkret. Dette er spesielt interessant for Localbitcoins, sindan børsen ligg i Finland og du som regel veit kva land kjøparen bur i. Om du sel til ein utanlandsk kjøpar via Localbitcoins er du dobbelt sikker, og det gjeld uavhengig av om den utanlandske kjøparen betaler deg i norske eller svenske kroner.