Bitcoin Forum
April 25, 2024, 08:36:18 AM *
News: Latest Bitcoin Core release: 27.0 [Torrent]
 
   Home   Help Search Login Register More  
Pages: [1]
  Print  
Author Topic: Slik kan du ta ut frå MtGox til norsk bank  (Read 2389 times)
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no


View Profile WWW
September 12, 2013, 08:11:21 AM
 #1

Eg får ein del spørsmål om uttak frå MtGox på IRC, og tenkte å oppsummere det eg veit.  Det vert litt detaljert, men folk spør om mykje rart..

Den raskaste måten å ta ut pengar til ein norsk bankkonto er EUR via SEPA.  For å kunne ta ut EUR må du ha EUR på MtGox.  Dersom du har andre valutasortar du ynskjer på ta ut, må du først kjøpe bitcoin for pengane og selje bitcoina for EUR for å få EUR på MtGox-kontoen.  Ein vanleg verifisert kunde kan ta ut opp til 10000 EUR om dagen og 50000 EUR i månaden.  I utgangspunktet er grensa berre 1000 EUR om dagen.  For å få heva denne må du be support om å gjere det.  Det er som regel gjort på timen, avhengig av tid på døgeret.  For å kunne ta ut meir enn 10000 EUR om dagen må du levere papir med notarius- og apostillestempel.  Det er diskutert i denne tråden.

Før du legg til ein konto er det lurt å sjekke om han kan motta SEPA-betalingar direkte.  Då må banken vere med i TARGET2.  Ikkje alle bankar er det, og dei kan ikkje MtGox sende til.  Det er ein hendig måte å slå det opp på via APIet.  (MtGox har API for alt.)  Her har eg brukt DNB og Skandiabanken som døme.  DNB er med i TARGET2.  Skandiabanken er ikkje med i TARGET2.  (Skandiabanken bør generelt ikkje brukast til utanlandsbetaling, men årsakane til det tek eg heller i ein annan tråd.)  Forretningsbankar er som regel med i TARGET2.  Dei fleste sparebankar er det ikkje.

https://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=DNBANOKK&pretty
https://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=SKIANOBB&pretty

Erstatt SWIFT-adressa i URLane over med den du har i banken din og sjå etter denne strengen: "sepa_transfer": true

Når du legg til kontoen (Funding options, Withdraw funds, Add withdraw method, Bank transfer, IBAN) må du passe på at det står "European (EURO)" som metode.  Dersom det står "International wire" bør du sjekke på nytt om banken er med i TARGET2.  Det er lurt å endre LABEL til noko kort og forståeleg som inkluderer SEPA eller Euro, i tilfelle du vil leggje til den same kontoen for vanleg internasjonal overføring seinare når MtGox har fått det i orden.

OBS: Dersom du prøvde å leggje til ein konto på denne måten før 25. august, bør du prøve på nytt no.  Fram til søndag 25. august var SEPA avgrensa av:
Code:
if ($country['EU']) ...

Eg forklarte MagicalTux på IRC at SEPA er EU + EØS (ingen i EU har høyrt om EØS), Monaco og Sveits.  Og då fiksa han det ganske kjapt:
Code:
14:06 <MagicalTux> guess I need an extra field then
14:08 <sturles> Yep.
14:11 <sturles> When do you think you can have it done?
14:12 <MagicalTux> already added the field, now needs some code
14:14 <MagicalTux> eating sushi at the same time
14:15 <MagicalTux> https://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=DABANO22 <- now shows sepa
14:16 <sturles> \o/
14:17  * sturles adds his account again to test..
14:21 <sturles> Seems to work.  Thank you!

Nuvel.  Dei fleste har sikkert hørt at uttak frå MtGox tek tid.  Det kan dei gjere, men det er mogeleg å optimalisere om du kjenner køysytemet.  For SEPA har MtGox ein kvote på 120000 EUR om dagen i banken sin, og då vert det kø.  Køa er kortare no enn på lenge, og ho er ordna slik:

  • Uttak under 1000 EUR får prioritet og går som regel ut neste yrkedag.
  • Uttak mellom 1000 og 30000 EUR går som regel på ca 4-5 yrkedagar.
  • Uttak over 30000 EUR har veldig låg prioritet.  Del heller opp i mindre porsjonar.
  • OBS: Når du har gjort eit uttak tek det 10-20 yrkedagar før du får utført neste uttak.

Den siste opplysninga der er viktig å ha i bakhovudet.  Eitt stort uttak (under 30000 EUR) er betre enn fleire små.  Fleire små vil ta veldig lang tid.  Det første kjem med ein gong, og deretter går det 2-3 veker mellom kvar gong du mottek pengar.  Nøyaktig kor mange dagar du må vente er avhengig av lengda på den generelle køa for uttak på 1000-30000 EUR.

Vonar dette var nyttig for nokon.  Eg svarer gjerne på spørsmål.  (PS: Eg anar ikkje kor lang "international wire" tek, men sovidt eg forstår er ventetida fleire månader.)

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
The Bitcoin network protocol was designed to be extremely flexible. It can be used to create timed transactions, escrow transactions, multi-signature transactions, etc. The current features of the client only hint at what will be possible in the future.
Advertised sites are not endorsed by the Bitcoin Forum. They may be unsafe, untrustworthy, or illegal in your jurisdiction.
1714034178
Hero Member
*
Offline Offline

Posts: 1714034178

View Profile Personal Message (Offline)

Ignore
1714034178
Reply with quote  #2

1714034178
Report to moderator
Savior
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 176
Merit: 100


View Profile
September 12, 2013, 12:09:14 PM
 #2

Takk for dette, mye nyttig informasjon for en som vil ta ut fra mtgox Smiley
Skinnkavaj
Sr. Member
****
Offline Offline

Activity: 469
Merit: 250


English Motherfucker do you speak it ?


View Profile
September 14, 2013, 10:09:54 AM
 #3

Tack!!
Du är guld (bitcoin) värd.  Grin

sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no


View Profile WWW
September 17, 2013, 11:51:25 AM
 #4

Ei lita oppdatering.  Folk har oppdaga at SEPA-uttak fungerer.  Køa vert difor lengre.  Her er oppdaterte forventa ventetider for uttak:

  • Uttak under 400 EUR går normalt på ei veke eller mindre
  • Større uttak tek 10 yrkedagar
  • 20 dagar mellom kvart uttak

Alle uttak frå august og tidlegare er ferdige, med unnatak av dei som hadde fleire uttak i kø.

400 EUR er eit dynamisk tal.  Dei fyller opp den daglege kvoten med små uttak, og kva dei definerer som eit lite uttak vil variere etter kor mange som er i kø.  Før var 1000 EUR rekna som lite, men no er det tydelegvis mange som gjer mindre uttak.

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
orange32
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 14
Merit: 0


View Profile
October 21, 2013, 09:32:10 AM
 #5

Situasjonen min er som følger:

Jeg har USD som "main currency" på Mt Gox.
3. oktober ba jeg om et uttak på 916 USD til min konto i DNB. Disse har selvfølgelig ikke ankommet ennå.

Det fungerte helt greit sist jeg solgte bitcoins og cashet ut via Mt Gox, så jeg sjekket liksom ikke hvordan situasjonen var før jeg gjentok prosedyren den 3. oktober.
Man antar jo at ting fungerer.

Men jeg lurer på hva som er den beste framgangsmåten for meg nå hvis jeg ikke vil vente flere måneder på pengene mine.

Er følgende et alternativ som kan fungere?

1. Jeg kansellerer uttaket og USD blir returnert til konto tilgjengelig for trading.
2. Jeg kjøper bitcoins for pengene.
3. Jeg endrer main currency til EUR.
4. Jeg kjøper EUR for bitcoins.
5. Jeg tar ut via SEPA til DNB. Vil dette skje automatisk om jeg har EUR som main currency istedenfor USD?





sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no


View Profile WWW
October 21, 2013, 04:32:57 PM
 #6

3. Jeg endrer main currency til EUR.
4. Jeg kjøper EUR for bitcoins.
5. Jeg tar ut via SEPA til DNB. Vil dette skje automatisk om jeg har EUR som main currency istedenfor USD?
Nei, du må leggje til kontoen på nytt med EURO (SEPA) som overføringsmetode.  Elles sender du EUR som international wire.

Merk at ventetida no er oppe i fem veker. :-(

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
orange32
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 14
Merit: 0


View Profile
October 24, 2013, 06:15:03 PM
 #7


Nei, du må leggje til kontoen på nytt med EURO (SEPA) som overføringsmetode.  Elles sender du EUR som international wire.

Merk at ventetida no er oppe i fem veker. :-(

Takk for svaret. Du svarte jo meg på irc også samme dag.

Jeg er i prosessen nå, de kansellerte uttaket. Jeg la til bankkonto på nytt og venter på validering av den.

Er ganske frustrerende at det går så tregt. Men samtidig er de jo veldig hjelpsomme og kjappe på support'en, så
jeg vet ikke helt hva jeg skal mene om de. Det går jo ikke an å bruke Mt Gox til trading slik det er nå.
Man har jo en reell frykt for at problemene de er i skal ende med at alt stopper opp og at pengene
aldri kommer.
Pages: [1]
  Print  
 
Jump to:  

Powered by MySQL Powered by PHP Powered by SMF 1.1.19 | SMF © 2006-2009, Simple Machines Valid XHTML 1.0! Valid CSS!