Bitcoin Forum
May 03, 2024, 11:33:28 PM *
News: Latest Bitcoin Core release: 27.0 [Torrent]
 
   Home   Help Search Login Register More  
Pages: [1]
  Print  
Author Topic: Meir svindel via localbitcoins  (Read 1871 times)
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no


View Profile WWW
March 11, 2015, 09:38:00 AM
 #1

I det siste har ein kattesvindlar vore veldig aktiv på Localbitcoins.  Modus operandi er som fylgjer:

  • 1. Han opprettar ein handel for å få kontonummer og betalingsinformasjon, og kansellerer handelen.
  • 2. Han har ei annonse for sal av katt på Fjasebok og andre stader, og ventar på offer.
  • 3. Han ber offeret betale til din konto.
  • 4. Han oprettar ein handel på kjøpesummen han har avtalt med offeret so snart offeret har betalt.
  • 5. Profitt!  Du ender opp som mottakar av pengane frå svindelen.

Om dette skjer deg, prøv å rydde opp sjølv snarast!  Dersom Økokrim får melding om dette før du har teke affære og returnert pengane, kan du vente deg sperra konto og kontakt med politiet.

På grunn av måten det norske banksystemet fungerer, og kundane sine forventningar om å få bitcoin fort, er det eit vindauge då slik svindel lett kan lukkast.  Eg har nokre enkle tiltak som har fungert so langt:

  • Ikkje godta handlar på runde summar i kroner.  Det er plausibelt å selje ein katt for 500 eller 1500 kroner, men ikkje for 1504,36 kroner.
  • Ver ekstra obs på folk med IP-adresse i utlandet, spesielt om kontoen er ny.  Fullt namn og verifisert telefonnummer er ikkje ein garanti mot svindel, og folk kan ha gode grunnar til å ikkje leggje dei inn.  Eldre konti med mange handlar bak seg er tryggare.
  • Dersom nokon likevel kjøper for ein rund sum, eller ikkje overfører heilt nøyaktig avtalt sum, pass på å ikkje betale ut bitcoin før du har sjekka og kryss-sjekka alle detaljar på overføringa.  Melding, avsendar, osv.  Sidan vedkommnde bryt vilkåra for handelen, er det heilt i orden å vente til du er sikker.  Om det er mogeleg å finne telefonnummer på vedkommande som har overført pengar, bør du ringe og sjekke før du slepp bitcoin.  Viss du ikkje får kontakt med den som har betalt, er det betre å returnere pengane enn å verte sitjande med stolne pengar.
  • Under risk mitigation på Localbitcoins kan du lese: If the buyer is paying with a wrong reference message, the seller is not obligated to release the bitcoins.  Hugs det, men be banken returnere pengane om du ikkje vil sleppe bitcoin.
  • Ikkje la paranoiaen ta overhand.  Det er menneskeleg å feile.  Enkelte bommar litt på detaljane på første forsøk.

Dersom nokon har overført pengar til deg, du får kontakt med vedkommande og det viser seg å vere dyresvindel, prøv å opprette kontakt mellom vedkommande og Mattilsynet eller Økokrim.  Mattilsynet og Økokrim har eit samarbeid med å få slutt på både dyresvindel og ulovleg dyreimport, og vil prøve å finne ut kvar annonsa står, kven som har sett inn annonsa, osv.  Ta direkte kontakt med meg her eller på IRC om du er utsett for denne typen svindel og ynskjer hjelp/kontaktpersonar.  Eg har ikkje lyst til å spreie namn eller telefonnummer til kontaktpersonane i Mattilsynet og Økokrim offentleg her på forumet.  Dei får meir enn nok drapstrugsmål mot seg og sin familie som det er.

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
Pages: [1]
  Print  
 
Jump to:  

Powered by MySQL Powered by PHP Powered by SMF 1.1.19 | SMF © 2006-2009, Simple Machines Valid XHTML 1.0! Valid CSS!