Show Posts
|
Pages: [1]
|
Finanskomiteen på Stortinget held opa høyring den 15. desember om Stortingsmelding nr 4 2015-2016: Bedre skatt. En skattereform for omstilling og vekst. Eg er invitert til høyring som representant for Elektronisk forpost Norge. Eg har fem minutt til å ta opp viktige spørsmål om korleis bitcoin, kryptovaluta, kryptoaksjar og liknande bør passast inn i denne skattereformen. Blant framlegga er mva eller marginavgifter på finansielle tenester. Dvs at Noreg får eit heilt anna system enn EU. Eg kjem til å ta opp dei utfordringane vi har møtt, og komme med konkrete framlegg til løysingar på dei. Eg har berre fem minutt, og vil ha inn mest mogleg kort og konsist på ei A4-side som skal delast ut til komiteen. Dette må vere ferdig før klokka 12 dagen før. Les stortingsmelidinga, spesielt kapittel 11 og 14, og kom med innspel! Eg kjem først og framst til å ta opp mva-problematikken. Eg kjem òg til å ta opp den internasjonale karakteren til kryptovaluta, og kor vanskeleg det kan vere å plassere transaksjonar geografisk når ein skal definere import/eksport. Eg kjem til å be om ei klagenemnd der ein kan ta opp prinsipputtaler og liknande frå Skattedirektoratet når ein meinar at dei tek feil, utan å måtte bryte med vedtaket og gå til rettssak mot Skatteetaten med risiko for å miste hus og heim. Eg kjem òg til å ta opp framlegget frå departementet om at berre selskap som er konsesjons- eller meldepliktige til Finanstilsynet vil få pålagt marginavgifter. Det bør vere arten av tenesta som vert utført som avgjer om ei teneste er avgiftspliktig eller ikkje. Elles får vi ei gråsone av selskap som kan yte tilsvarande tenester som konsesjonspliktige føretak, utan å vere mva- eller marginavgiftspliktige, og eit prematurt press på regulering av den bransjen som er i direkte konkurranse med avgiftspliktige føretak. Og ikkje minst kjem eg til å påpeike at avgifter må ta omsyn til at kryptovaluta-bransjen er internasjonal, og ikkje skade konkurranseevna eller gjere det byråkratisk tyngre å drive i Noreg enn i utlandet. Dersom veksling mellom kryptovaluta og tradisjonell valuta kan gjerast avgiftsfritt i utlandet, vil det skade næringa i Noreg. Og Skatttedirektoratet må få tidsfristar – eg ventar framleis på svar på spørsmål eg sendte dei i 2011. Og meir, men eg må tenkje litt meir, prioritere og fatte meg kort og konsist med konkrete framlegg.
|
|
|
Spørsmål til finansministeren om mva på bitcoin i Stortinget: Sveinung Rotevatn (V): Vil EU-domstolen si avgjersle av 22. oktober om å frita omsetnad av kryptovalutaen bitcoin for meirverdiavgift få konsekvensar for tilsvarande avgiftsregime i Noreg? Meir her.
|
|
|
Nytt fenomen (for meg) observert på Localbitcoins i går: Betaling frå offer for nettbank-phishing
So langt har ikkje dette vore ein stor risiko med norsk bankoverføring, men i går fekk eg ei innbetaling på 12000 kroner frå ein liten butikk som er heilt unaturleg at skulle handle med bitcoin. Betalinga kom inn med rett melding og alt, men det var likevel eit par ting som ikkje stemte. Til dømes at avsendar av pengane ikkje kunne norsk. Eg tok ein telefon, og butikken kjende ikkje til utbetalinga. Men butikksjefen sleit litt med å komme inn på nettbanken. Han hadde nemleg fått ein e-post frå Nordea om at han måtte inn å oppgradere noko. Etter at han hadde vore inne på nettsidene og gjort det, hadde ikkje kodebrikka fungert...
Vi kan altso konstatere at dei som driv med nettbank-phising no prøvar seg med å kjøpe bitcoin med dei stolne pengane. Ver obs på dette om du sel bitcoin for norsk bankoverføring. Ikkje send frå deg bitcoin før du har rydda all tvil av vegen. Du kan rekne med å måtte returnere pengane dersom det er svindel, men bitcoina kjem du ikkje til å sjå att.
I tilfelle folk tykkjer eg har vorte streng med vilkåra mine i det siste, er det fordi eg opplever stadig fleire svindelforsøk. Om eg ikkje handhevar vilkåra strengt, kjem nokon til å klare det. Då vert det vanskeleg å halde fram med fornuftige kursar utan å krevje ID av alle som handlar.
|
|
|
I det siste har ein kattesvindlar vore veldig aktiv på Localbitcoins. Modus operandi er som fylgjer: - 1. Han opprettar ein handel for å få kontonummer og betalingsinformasjon, og kansellerer handelen.
- 2. Han har ei annonse for sal av katt på Fjasebok og andre stader, og ventar på offer.
- 3. Han ber offeret betale til din konto.
- 4. Han oprettar ein handel på kjøpesummen han har avtalt med offeret so snart offeret har betalt.
- 5. Profitt! Du ender opp som mottakar av pengane frå svindelen.
Om dette skjer deg, prøv å rydde opp sjølv snarast! Dersom Økokrim får melding om dette før du har teke affære og returnert pengane, kan du vente deg sperra konto og kontakt med politiet. På grunn av måten det norske banksystemet fungerer, og kundane sine forventningar om å få bitcoin fort, er det eit vindauge då slik svindel lett kan lukkast. Eg har nokre enkle tiltak som har fungert so langt: - Ikkje godta handlar på runde summar i kroner. Det er plausibelt å selje ein katt for 500 eller 1500 kroner, men ikkje for 1504,36 kroner.
- Ver ekstra obs på folk med IP-adresse i utlandet, spesielt om kontoen er ny. Fullt namn og verifisert telefonnummer er ikkje ein garanti mot svindel, og folk kan ha gode grunnar til å ikkje leggje dei inn. Eldre konti med mange handlar bak seg er tryggare.
- Dersom nokon likevel kjøper for ein rund sum, eller ikkje overfører heilt nøyaktig avtalt sum, pass på å ikkje betale ut bitcoin før du har sjekka og kryss-sjekka alle detaljar på overføringa. Melding, avsendar, osv. Sidan vedkommnde bryt vilkåra for handelen, er det heilt i orden å vente til du er sikker. Om det er mogeleg å finne telefonnummer på vedkommande som har overført pengar, bør du ringe og sjekke før du slepp bitcoin. Viss du ikkje får kontakt med den som har betalt, er det betre å returnere pengane enn å verte sitjande med stolne pengar.
- Under risk mitigation på Localbitcoins kan du lese: If the buyer is paying with a wrong reference message, the seller is not obligated to release the bitcoins. Hugs det, men be banken returnere pengane om du ikkje vil sleppe bitcoin.
- Ikkje la paranoiaen ta overhand. Det er menneskeleg å feile. Enkelte bommar litt på detaljane på første forsøk.
Dersom nokon har overført pengar til deg, du får kontakt med vedkommande og det viser seg å vere dyresvindel, prøv å opprette kontakt mellom vedkommande og Mattilsynet eller Økokrim. Mattilsynet og Økokrim har eit samarbeid med å få slutt på både dyresvindel og ulovleg dyreimport, og vil prøve å finne ut kvar annonsa står, kven som har sett inn annonsa, osv. Ta direkte kontakt med meg her eller på IRC om du er utsett for denne typen svindel og ynskjer hjelp/kontaktpersonar. Eg har ikkje lyst til å spreie namn eller telefonnummer til kontaktpersonane i Mattilsynet og Økokrim offentleg her på forumet. Dei får meir enn nok drapstrugsmål mot seg og sin familie som det er.
|
|
|
Som kjent vil det norske Skattedirektoratet ha dobbel mva når du handlar med bitcoin. Eg er i gong med ein prosess for å finne ein utveg på dette. Kort sagt skal Deloitte i Trondheim finne ut om Skattedirektoratet står på tørr grunn når dei definerer Bitcoin som ei mva-pliktig elektronisk fjernleverbar teneste, og hevdar at du må betale mva for heile summen både for pengar du vekslar til bitcoin og for vara du kjøper. Deloitte skal ha 37500 for jobben (30000 + mva), og eg har starta eit Lighthouse-prosjekt for å samle inn midlane. So snart vi har samla inn 50% av det som trengst, skyt eg inn resten. Eg meinar det er viktig å komme Skatteetaten i forkjøpet her, og agere framfor å reagere etter at dei har stengt ned alt av bitcoin-handel i Noreg og sendt oss som driv med det til ein lang og dyr rettsprosess. For å delta må du laste ned Lighthouse og prosjektfila, importere prosjektet i Lighthouse, sende litt bitcoin til Lighthouse-klienten og trykke på Pledge. Eg har skrive meir bakgrunn om Bitcoin og mva-prosjektet her.
|
|
|
Eg skal til Bergen ein tur i vinterferien, og tenkte å arrangere eit lite treff når eg likevel er der. For eit år sidan heldt eg foredrag på Studentersamfunnet i Bergen, og vart overraska over kor mange som kom og slo av ein prat etterpå. Eg vonar det kjem like mange denne gongen! Tid: Onsdag 18. februar klokka 18 til det stenger. Stad: Henrik øl- og vinstove eller Konrads kåk dersom Henriks vert for bråkete. Agenda: Mva og skatt er det som opptek meg mest om dagen, men ordet er fritt! Legg gjerne att ei melding i tråden her om du har tenkt å komme, slik at eg får ein idè om kor mange vi vert, og annonser gjerne i større fora. Eg vurderer å kontakte media om mva-problemet, med ei svært god sak: Skatt vest har innført dobbel mva ved bruk av bitcoin som betalingsmiddel. Dersom vi vert mange vil eg gjerne invitere ei avis til treffet for å fortelle om problema, med atterhald om at dei spør kvar enkelt som er til stades før dei publiserer bilete eller annan info. Nettopp skatteproblematikk gjer at mange ynskjer å halde låg profil, og det har eg all mogeleg respekt for. Det er faktisk eit poeng i seg sjølv at Skatteetaten held mykje av aktiviteten under jorda ved å gjere det umogeleg å rekne på skattemessige konsekvensar av mange former for handel med bitcoin.
|
|
|
Om nokon har selt bitcoins til ccmester på localbitcoins, bør dei snarast kontakte avsendar av pengane. Han har prøvd å handle av meg, men det tok lenger tid enn det skulle før pengane kom. Då vert eg automatisk mistenksam. Veldig. Då overføringa kom var avsendar "Stiftelsen Norsk Rikstoto". Eg tok kontakt med Norsk Rikstoto, og det viser seg at fyren har spelt på hest med stolne kredittkort og oppgitt kontonummeret til seljarar på localbitcoins for utbetaling av gevinst. Då hadde fyren allereie avtalt eit nytt kjøp av meg og overført pengar på same måte. Den utbetalinga fekk Norsk Rikstoto stansa.
Brukaren er sperra no, men eg ser han har over 30 handlar. Eg veit ikkje om alle desse er svindel. Om nokon andre her har handla med fyren, er eg og Norsk Rikstoto og sannsynlegvis politiet interessert i å høyre om det. Spesielt om pengane har komme frå personlege konti som kan vere hans eigne. Fyren hadde ei annonse ute for bitcoin mot thailandske bath, so det kan hende han oppheld seg fysisk der.
|
|
|
 God familiebil. Køyreeigenskapane til ein Golf og plassen til ei stasjonsvogn. Har gjort god teneste som familiebil for fire på lange feriar sørover i Europa, og vi har aldri hatt plassmangel. Brukar svært lite diesel. Du kjem lett under 0,4l på mila på langkøyring. Gjennomsnittsforbruk siste 1200 km har vore 3,8 l/100 km, ifylgje køyrecomputeren. Bilen står i Florø. Eg kan hente deg i fly i heile Sør-Noreg, slik at du kan køyre bilen heim (flyturen krev godt vêr heile vegen). Kilometerstand: 108000 km 1. gong registrert: 2010-01-04 Motoreffekt: 105 hk Sommar- og vinterdekk Hengarfeste Komplett servicehefte, EU-godkjent til juli 2016 Volkswagen mobilitetsgarantiNy frontrute i mai Fint lite fancy ekstrautstyr og jåleri, men du kan få med eit passande takstativ og eit brukt barnesete (BeSafe iZi Combi ISOfix, 0-18kg/6mnd-4 år) Pris: 40 BTC (kan justerast ved større kursendring) Legg han ut til sals på finn.no om eit par veker, om ingen her vil kjøpe han for bitcoin.
|
|
|
Det var eit langt innslag om Bitcoin i Søndagsrevyen på NRK1 i kveld. Berlin-korrespondenten var m.a. på Room77 og intervjua fleire bitcoin-brukarar. Heile Søndagsrevyen er ute på nett her. Spol fram til 30:18.
|
|
|
Er det andre skandinavar som skal på Bitcoin2014 i Amsterdam frå 15. til 17. mai?
|
|
|
Finanstilsynet har sent ut eit skriv i dag med tittelen Advarsel til forbrukere - informasjon om virtuelle valutaer. TL;DR: "Bicoin – vi likar det ikkje." Dei har mange gode poeng. Nesten alt har eg nemnt i min eigen FAQ, men der Finanstilsynet fokuserer på problema, har eg fokusert på løysingane. Det som står under "Hva kan du gjøre for å beskytte deg?" kan eg godt skrive under på. Det står dessverre ingenting om kva vi har i vente av regulering, og kva dei har funne ut av eventuelle eksisterande reguleringar som gjeld bitcoin. For skatt syner dei berre til Skatteetaten, som vi alle er meir enn litt frustrerte over.
|
|
|
Det er Movember att. Den månaden i året då ein kan lure på om trønderane har teke over nasjonen. Dei er ikkje trønderar alle saman. Mange er vanlege folk som støttar arbeid mot prostatakreft, blant anna. Eg har sett opp ei adresse der du kan donere til kampanjen. Bitcoin-donasjonar vert automatisk veksla til norske kroner og donert manuelt av meg. Det er heilt transparent. Du kan sjølv kontrollere at alle transaksjonar er med og at pengane kjem fram. Donasjonar er av natur anonyme, og dei får ekstra god kurs. Beste bod på MtGox konvertert til NOK med siste kurs frå Noregs Bank utan gebyr av noko slag. Eg snekra saman dette på kort tid no nettopp, og det er sikkert småfeil som må rettast, men alle donasjonar skal komme fram. Dersom det er interesse vil eg setje opp tilsvarande tenester for anonyme donasjonar til andre gode saker, til dømes Digitalt Personvern. Problemet er at det grensar mot ei betalingsteneste, og eg må undersøke kor langt eg kan gå som privatperson utan lisens for denslags. Min personlege overleppepryd reknar eg som ein del av mi private sfære, og ikkje næringsmessig aktivitet.
|
|
|
Eg får ein del spørsmål om uttak frå MtGox på IRC, og tenkte å oppsummere det eg veit. Det vert litt detaljert, men folk spør om mykje rart.. Den raskaste måten å ta ut pengar til ein norsk bankkonto er EUR via SEPA. For å kunne ta ut EUR må du ha EUR på MtGox. Dersom du har andre valutasortar du ynskjer på ta ut, må du først kjøpe bitcoin for pengane og selje bitcoina for EUR for å få EUR på MtGox-kontoen. Ein vanleg verifisert kunde kan ta ut opp til 10000 EUR om dagen og 50000 EUR i månaden. I utgangspunktet er grensa berre 1000 EUR om dagen. For å få heva denne må du be support om å gjere det. Det er som regel gjort på timen, avhengig av tid på døgeret. For å kunne ta ut meir enn 10000 EUR om dagen må du levere papir med notarius- og apostillestempel. Det er diskutert i denne tråden. Før du legg til ein konto er det lurt å sjekke om han kan motta SEPA-betalingar direkte. Då må banken vere med i TARGET2. Ikkje alle bankar er det, og dei kan ikkje MtGox sende til. Det er ein hendig måte å slå det opp på via APIet. (MtGox har API for alt.) Her har eg brukt DNB og Skandiabanken som døme. DNB er med i TARGET2. Skandiabanken er ikkje med i TARGET2. (Skandiabanken bør generelt ikkje brukast til utanlandsbetaling, men årsakane til det tek eg heller i ein annan tråd.) Forretningsbankar er som regel med i TARGET2. Dei fleste sparebankar er det ikkje. https://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=DNBANOKK&prettyhttps://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=SKIANOBB&prettyErstatt SWIFT-adressa i URLane over med den du har i banken din og sjå etter denne strengen: "sepa_transfer": trueNår du legg til kontoen (Funding options, Withdraw funds, Add withdraw method, Bank transfer, IBAN) må du passe på at det står "European (EURO)" som metode. Dersom det står "International wire" bør du sjekke på nytt om banken er med i TARGET2. Det er lurt å endre LABEL til noko kort og forståeleg som inkluderer SEPA eller Euro, i tilfelle du vil leggje til den same kontoen for vanleg internasjonal overføring seinare når MtGox har fått det i orden. OBS: Dersom du prøvde å leggje til ein konto på denne måten før 25. august, bør du prøve på nytt no. Fram til søndag 25. august var SEPA avgrensa av: Eg forklarte MagicalTux på IRC at SEPA er EU + EØS (ingen i EU har høyrt om EØS), Monaco og Sveits. Og då fiksa han det ganske kjapt: 14:06 <MagicalTux> guess I need an extra field then 14:08 <sturles> Yep. 14:11 <sturles> When do you think you can have it done? 14:12 <MagicalTux> already added the field, now needs some code 14:14 <MagicalTux> eating sushi at the same time 14:15 <MagicalTux> https://mtgox.com/api/2/money/swift/details?swift=DABANO22 <- now shows sepa 14:16 <sturles> \o/ 14:17 * sturles adds his account again to test.. 14:21 <sturles> Seems to work. Thank you!
Nuvel. Dei fleste har sikkert hørt at uttak frå MtGox tek tid. Det kan dei gjere, men det er mogeleg å optimalisere om du kjenner køysytemet. For SEPA har MtGox ein kvote på 120000 EUR om dagen i banken sin, og då vert det kø. Køa er kortare no enn på lenge, og ho er ordna slik: - Uttak under 1000 EUR får prioritet og går som regel ut neste yrkedag.
- Uttak mellom 1000 og 30000 EUR går som regel på ca 4-5 yrkedagar.
- Uttak over 30000 EUR har veldig låg prioritet. Del heller opp i mindre porsjonar.
- OBS: Når du har gjort eit uttak tek det 10-20 yrkedagar før du får utført neste uttak.
Den siste opplysninga der er viktig å ha i bakhovudet. Eitt stort uttak (under 30000 EUR) er betre enn fleire små. Fleire små vil ta veldig lang tid. Det første kjem med ein gong, og deretter går det 2-3 veker mellom kvar gong du mottek pengar. Nøyaktig kor mange dagar du må vente er avhengig av lengda på den generelle køa for uttak på 1000-30000 EUR. Vonar dette var nyttig for nokon. Eg svarer gjerne på spørsmål. (PS: Eg anar ikkje kor lang "international wire" tek, men sovidt eg forstår er ventetida fleire månader.)
|
|
|
I have a USB Block Erupter. The heat spreader gets very hot, and it seems very close to the USB powered coffe cup warmer the Jalapeno was supposed to be. The only missing piece is a holder for it. It should be a very simple design, suitable for 3D printing. Print, insert Block Erupter and connect. Perhaps with space for a metal plate on top to protect the Block Eruptor from cofeee spills.
Unfortunately I have no experience in 3D design, no 3D printer, and very limited time. So I'll just leave my idea here, and hope someone picks it up. Actually, I'll donate a bitcoin to the first design I'm happy with, if it is published under a free licence!
|
|
|
I would like to nominate Peter Vessenes (vess on the forum) for a scammer tag. The heavy selling in the days before the lawsuit was files was supicious. Then the filing just in time for The Golden Week in Japan when all banks there are closed. Coincidence? No way. And trying to heist 75 million USD from the largest and most important bitcoin exchange? Deserves a scammer tag if you ask me. No. Give him three scammer tags.
|
|
|
Eg har veksla Bitcoin mot norske kroner på IRC (#bitcoin-otc) sidan hausten 2010. Målet har heile tida vore å gjere bitcoin meir tilgjengeleg for nordmenn, og eg kjøper og sel for den minst mogeleg margin. Dette er ein hobby, og det har eg tenkt at det skal halde fram med å vere fram til alle skatte- og avgiftsmessige spørsmål er avklart. På bitmynt.no har eg lagt opp kursane mine, automatisk oppdatert frå beste bid og ask i USD på MtGox og konvertert til NOK med siste USD-kurs frå Noregs bank. Det er ei lenke der til ein web-basert IRC-klient og ei side om korleis handelen føregår. Og det er alt. Skrive i HTML slik eg lærte meg det i 1993. Kursen min for sal er beste ask i USD på Mtgox konvertert til NOK + 2,5%. For kjøp er det beste bid i USD på MtGox konvertert til NOK - 1%. Det er det beste eg får til utan å tape pengar eller ta for stor risiko. Eg har ei teneste for automatisert kjøp (dvs at eg kjøper til kursen som gjeld i det øyeblikket eg mottek BTC), men vil gjerne vite kven eg kjøper av først. Ta kontakt på IRC eller e-post for detaljar, oppsett og vilkår.
|
|
|
After having used a wallet for a while, my list of unspent outputs grow larger and larger. Small outputs with thousands of confirmations. To me it's dust, because I rarely send a payment of less than 1 BTC. The reason for this is IMHO bad selection of inputs. The client tries to find the transaction which spends the least inputs, instead of making the transaction with the highest priority. This costs unnecessary fees as well.
E.g. I recently sent a payment of 3 BTC. The client found a 3 BTC input with seven confirmations, decided it needed to add a fee and selected an extra input to pay the fee. The extra input made a change output necessary, and I ended up with a rather low priority transaction with two inputs, two outputs (one very small), and a fee.
The client had many larger and older outputs to choose from, which would have genereated a higher prioirity transaction with one input and two outputs, no output smaller than 1 BTC. This could have been sent without a fee.
Another possibility is to collect some of the dust (possible inputs < 1 BTC) with thousands of confirmations, adding up to 3. If the resulting amount is larger, see if it can be reduced to exact by removing inputs. If not leave a change, or possibly a fee if the extra output would require a fee > change amount.
I think the use-oldest-first method has a few benefits. 1) It is very simple and predictable. 2) Old dust will be collected. 3) In most cases it will generate a higher priority transaction due to higher age of inputs, making the transaction confirm faster.
Comments?
|
|
|
Scammer tag for Darkster. This is a no-brainer.
|
|
|
Bitcoin mining and other typical uses of FPGA differ in an important aspect. While mining has very low demand for I/O, it is crucial for many other typical FPGA tasks. E.g. HDMI dectyption, wide-band GSM demodulation and various crypto purposes.
Do anyone have experience in using mining FPGA boards for other purposes? E.g. WPA cracking? Fast DES decryption with unknown key? Are some boards more fit for this than other boards?
|
|
|
|