Men når det gjelder mva er jeg litt forvirret.
Det er dei fleste, inkludert Skatteetaten og Skattedirektoratet.
Spørsmålet har vore oppe i mange trådar her på forumet. Sjå til dømes
her og
her og
her.
So lenge Skattetaten ikkje kan fortelle meg nøyaktig kva reglar som gjeld, er det ikkje praktisk mogeleg å føre eit mva-rekneskap for bitcoin-handel. Eit døme er ved handel på børsar i utlandet der bitcoin er deponert på den utanlandske børsen. Du anar ikkje kva land kjøparen bur i, eller om vedkommande er privat eller næringsdrivande. Du veit heller ikkje om vedkommande tek ut bitcoin frå deponiet, eller om vedkommande sel dei vidare same stad. Det einaste eg kan dokumentere er at eg har sendt bitcoin til utlandet, og at nokon har kjøpt dei, men i fylgje mva-lova er det kvar kjøparen bur som avgjer om salet har skjedd til utlandet eller ikkje. På ei anna side er det sannsynlegvis børsen som er leverandør av tenesta, sidan det er dei som evt leverer ut bitcoin frå deponiet. Skatteetaten anar ikkje korleis eg skal handtere dette. Då kan ikkje eg føre eit komplett mva-rekneskap, og inntil Skatteetaten gjer det mogeleg har eg heller ikkje tenkt å prøve. Dette har eg skrive i sjølvmeldingar og næringsopppgåver, utan at Skatteetaten har kommentert det med eit ord.