Jeg ville anbefalt coinbase, har prøvd det flere ganger og de har de beste kursene i tillegg.
Det trur eg ikkje mykje på. Kjøpskursen til Coinbase er 6285.2600 NOK akkurat no, i fylgje tickeren deira. Kjøpskursen min er 6354.9824. Eg tek ingen gebyr, og du har som regel pengane på konto etter eit par timar på ein kvardag, avhengig av når på døgeret du sel. Det går so fort som banksystemet klarar.
Har du forresten lese brukarvilkåra til Coinbase? Eg har ikkje konto der, og held meg langt unna. Det siste nye er at dei deler alle data med IRS, den USAnske skatteetaten. Dei tek heller ikkje fem øre for å stenge konti, inkludert alle pengar du måtte ha der, for det dei kallar tvilsame bitcoin-transaksjonar. Dette er eit USAnsk selskap. Du har ingenting å stille opp med om dei tek pengane dine, med mindre du har nokre hundre tusen for å få ein USAnsk advokat til å sjå på saka.