http://kvarteret.no/program/2216/helhus-bitcoins-ein-valuta-bygd-pa-hap-og-hype/ Helhus: Bitcoins- ein valuta bygd på håp og hypeVil det koma ein dag då me kan nytta Bitcoins i daglegvarebutikken?
Sidan brukaren ”Satoshi Nakamoto” skapte Bitcoins i 2009, har den uregulerte valutaen både skapt fridom frå det konvensjonelle banksystemet, men samtidig rom for kriminelle aktivitetar. I avisene kan me lesa om store kontrastar: Frå suksesshistoriar om dei fyrste som investerte og vart millionærar med prisoppgangen, til artiklar som knyttar Bitcoins til både narkotika- og menneskehandel. I ei tid der internett blir stadig viktigare, kva vil Bitcoins bety? Vil det framleis vere ein uregulert valuta på sida av samfunnet, vil myndigheitene regulera det til døde, eller vil det rett og slett berre kollapsa?
Me har invitert Sturle Sunde, som driv sin eigen Bitcoinsbutikk, og IT-forskar ved Vestlandsforsking, Svein Ølnes, til å drøfte sine tankar om framtida til Bitcoins. Følg med 15. februar!