God familiebil. Køyreeigenskapane til ein Golf og plassen til ei stasjonsvogn. Har gjort god teneste som familiebil for fire på lange feriar sørover i Europa, og vi har aldri hatt plassmangel. Brukar svært lite diesel. Du kjem lett under 0,4l på mila på langkøyring. Gjennomsnittsforbruk siste 1200 km har vore 3,8 l/100 km, ifylgje køyrecomputeren. Bilen står i Florø. Eg kan hente deg i fly i heile Sør-Noreg, slik at du kan køyre bilen heim (flyturen krev godt vêr heile vegen).
Kilometerstand: 108000 km
1. gong registrert: 2010-01-04
Motoreffekt: 105 hk
Sommar- og vinterdekk
Hengarfeste
Komplett servicehefte, EU-godkjent til juli 2016
Volkswagen
mobilitetsgarantiNy frontrute i mai
Fint lite fancy ekstrautstyr og jåleri, men du kan få med eit passande takstativ og eit brukt barnesete (BeSafe iZi Combi ISOfix, 0-18kg/6mnd-4 år)
Pris: 40 BTC (kan justerast ved større kursendring)
Legg han ut til sals på finn.no om eit par veker, om ingen her vil kjøpe han for bitcoin.