Eg skal til Bergen ein tur i vinterferien, og tenkte å arrangere eit lite treff når eg likevel er der. For eit år sidan heldt eg foredrag på Studentersamfunnet i Bergen, og vart overraska over kor mange som kom og slo av ein prat etterpå. Eg vonar det kjem like mange denne gongen!
Tid: Onsdag 18. februar klokka 18 til det stenger.
Stad:
Henrik øl- og vinstove eller
Konrads kåk dersom Henriks vert for bråkete.
Agenda: Mva og skatt er det som opptek meg mest om dagen, men ordet er fritt!
Legg gjerne att ei melding i tråden her om du har tenkt å komme, slik at eg får ein idè om kor mange vi vert, og annonser gjerne i større fora.
Eg vurderer å kontakte media om mva-problemet, med ei svært god sak: Skatt vest har innført dobbel mva ved bruk av bitcoin som betalingsmiddel. Dersom vi vert mange vil eg gjerne invitere ei avis til treffet for å fortelle om problema, med atterhald om at dei spør kvar enkelt som er til stades før dei publiserer bilete eller annan info. Nettopp skatteproblematikk gjer at mange ynskjer å halde låg profil, og det har eg all mogeleg respekt for. Det er faktisk eit poeng i seg sjølv at Skatteetaten held mykje av aktiviteten under jorda ved å gjere det umogeleg å rekne på skattemessige konsekvensar av mange former for handel med bitcoin.