Bitcoin Forum
May 04, 2024, 04:58:12 PM *
News: Latest Bitcoin Core release: 27.0 [Torrent]
 
   Home   Help Search Login Register More  
Pages: [1]
  Print  
Author Topic: Norsk nettbank-phishing og Localbitcoins  (Read 13759 times)
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no


View Profile WWW
September 17, 2015, 11:04:38 AM
 #1

Nytt fenomen (for meg) observert på Localbitcoins i går: Betaling frå offer for nettbank-phishing

So langt har ikkje dette vore ein stor risiko med norsk bankoverføring, men i går fekk eg ei innbetaling på 12000 kroner frå ein liten butikk som er heilt unaturleg at skulle handle med bitcoin.  Betalinga kom inn med rett melding og alt, men det var likevel eit par ting som ikkje stemte.  Til dømes at avsendar av pengane ikkje kunne norsk.  Eg tok ein telefon, og butikken kjende ikkje til utbetalinga.  Men butikksjefen sleit litt med å komme inn på nettbanken.  Han hadde nemleg fått ein e-post frå Nordea om at han måtte inn å oppgradere noko.  Etter at han hadde vore inne på nettsidene og gjort det, hadde ikkje kodebrikka fungert...

Vi kan altso konstatere at dei som driv med nettbank-phising no prøvar seg med å kjøpe bitcoin med dei stolne pengane.  Ver obs på dette om du sel bitcoin for norsk bankoverføring.  Ikkje send frå deg bitcoin før du har rydda all tvil av vegen.  Du kan rekne med å måtte returnere pengane dersom det er svindel, men bitcoina kjem du ikkje til å sjå att.

I tilfelle folk tykkjer eg har vorte streng med vilkåra mine i det siste, er det fordi eg opplever stadig fleire svindelforsøk.  Om eg ikkje handhevar vilkåra strengt, kjem nokon til å klare det.  Då vert det vanskeleg å halde fram med fornuftige kursar utan å krevje ID av alle som handlar.

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
1714841892
Hero Member
*
Offline Offline

Posts: 1714841892

View Profile Personal Message (Offline)

Ignore
1714841892
Reply with quote  #2

1714841892
Report to moderator
1714841892
Hero Member
*
Offline Offline

Posts: 1714841892

View Profile Personal Message (Offline)

Ignore
1714841892
Reply with quote  #2

1714841892
Report to moderator
Bitcoin mining is now a specialized and very risky industry, just like gold mining. Amateur miners are unlikely to make much money, and may even lose money. Bitcoin is much more than just mining, though!
Advertised sites are not endorsed by the Bitcoin Forum. They may be unsafe, untrustworthy, or illegal in your jurisdiction.
1714841892
Hero Member
*
Offline Offline

Posts: 1714841892

View Profile Personal Message (Offline)

Ignore
1714841892
Reply with quote  #2

1714841892
Report to moderator
1714841892
Hero Member
*
Offline Offline

Posts: 1714841892

View Profile Personal Message (Offline)

Ignore
1714841892
Reply with quote  #2

1714841892
Report to moderator
MaxLBC
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 19
Merit: 0


View Profile WWW
September 17, 2015, 12:05:07 PM
 #2

Hej!

Detta kallas ofta för en Man in the middle scam. Rätt svårt att upptäcka, men bäst är att alltid kontrollera ID på personen som deponerar pengarna. Speciellt om deras LocalBitcoins konto inte har tidigare Real Name Confirmations (förresten, ta en titt inne i inställningarna, vi har nu en ny funktion där du kan välja att visa åt andra de personer som du identifierat). Det gäller att inte bara be av köparen en bild på ID kortet utan be personen hålla upp kortet vid sitt ansikte och också skriva på en papperslapp ett meddelande åt dig. Detta skrämmer bort alla scammers för det är så svårt att få detta av phishing offret.

Max
Community Manager
LocalBitcoins
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no


View Profile WWW
September 17, 2015, 03:08:58 PM
 #3

Detta kallas ofta för en Man in the middle scam. Rätt svårt att upptäcka, men bäst är att alltid kontrollera ID på personen som deponerar pengarna. Speciellt om deras LocalBitcoins konto inte har tidigare Real Name Confirmations (förresten, ta en titt inne i inställningarna, vi har nu en ny funktion där du kan välja att visa åt andra de personer som du identifierat). Det gäller att inte bara be av köparen en bild på ID kortet utan be personen hålla upp kortet vid sitt ansikte och också skriva på en papperslapp ett meddelande åt dig. Detta skrämmer bort alla scammers för det är så svårt att få detta av phishing offret.
Nei, det var ikkje man-in-the-middle.  Den som betalte bitcoin hadde full kontroll på bankkontoen til offeret, og har både lagt inn handelen og gjennomført betalinga frå bankkontoen til offeret.  Ikkje meir man-in-the-middle enn då nokon tippa på hest med stolne kredittkort og sendte gevinsten til min bnkkonto for å kjøpe bitcoin.

Man-in-the-middle har eg vore borti fleire gonger.  Den klassiske er Kamerun-svindel, som ofte føregår ved sal av fiktive kjeledyr på nett.  Dei ber om forskotsbetaling frå offeret og oppgjev min bankkonto for betaling, samstundes som dei opprettar ein handel på den summen.

ID avslører ikkje alle former for svindel.  For nokre veker sidan var eg forsøkt brukt som muldyr i ein romanse-svindel.   Eg fatta mistanke og tok kontakt med banken til dama som hadde betalt, og forklarte at kunden deira sannsynlegvis var utsett for svindel.  Banken tok kontakt med kunden og kunden ringte meg.  Ho hadde forelska seg i ein fyr som stadig kom i trøbbel i ulike delar av verda.  Denne gongen var han vistnok på sjukehus i Laos, og overtalte dama til å betale 36000 kroner til meg for (hald deg fast) bitcoin han skulle sende til ein bank i England for å få tilgong til bankkontoen sin for å betale sjukehusrekninga!  Det tok litt tid å forklare dama at dette garantert var svindel (bitcoin-kjøparen hadde forresten IP-adresse i USA, ikkje Laos), og det viste seg at ho hadde overført fleire hundre tusen til denne mannen over lang tid, til ulike utanlandske konti.  Ho vart naturlegvis lei seg, men verka letta for at nokon omsider fekk ho til å innsjå at ho var lurt.  Både sonen hennar og banken hadde åtvara ho tidlegare, men då hadde ho ikkje trudd på dei.  Det er vanleg at offer for romanse-svindel sit veldig godt på kroken.  Ho hadde nok gjerne teke bilete med ID dersom svindlaren ba ho om å gjere det.

Når eg ber om ID er det mange som avstår for å kjøpe.  Folk er forståeleg nok forsiktige med å dele ut ID til alle og einkvar i frykt for ID-tjuveri.  Real Name Confirmation har liten verdi for norsk bankoverføring, fordi vi ikkje ser kven som har betalt eller meldinga på overføringa før 1-2 dagar etter at pengane er framme.  Folk veit at pengane er framme lenge før det, og det vert eit veldig mas om kor mykje det hastar med å få bitcoin.  Eg har etter kvart utvikla ein god teft for svindel.  Vilkåra mine er slik formulert at eg kan vente med å sleppe bitcoin til meldinga er synleg og eg ser kven som har betalt dersom eg får den minste mistanke.  Vilkåra står berre på norsk.  Dei fleste svindlarane forstår ikkje norsk, og bryt dermed vilkåra på ein eller annan måte.  Då har eg tid til å ringe til den som har overført pengane og spørre kva det er dei har betalt for.

Folk svindlar til seg ID på ulike måtar og.  Ein metode er sal av billige bitcoin for PayPal mot at kjøparen identifiserer seg med ID.  Det er aldri mangel på desperate folk som gjer kva som helst for å kjøpe bitcoin med PayPal.

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
Grix
Hero Member
*****
Offline Offline

Activity: 536
Merit: 500



View Profile WWW
September 18, 2015, 11:50:50 AM
 #4

Veldig bra at du er observant og fikk varslet offeret.

BTC: 1Fahk2aa4NS4Qds4VDAL4mpNArDEdV2K5K
LaserShowGen Laser Show Software
Helios Laser Show Hardware
gunnis
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 1
Merit: 0


View Profile
September 19, 2015, 07:36:31 PM
 #5

Utrolig mye action du ser Sturle. Høres kanskje mer moro ut enn det er å oppleve det.

Jeg tror disse historiene dine hadde vært godt likt på /r/bitcoin   Cheesy
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no


View Profile WWW
September 24, 2015, 07:39:32 PM
 #6

Nordea kan du få billig av meg.  Har du Nordea, skift bank.

Etter å ha avslørt phishinga, kontakta offeret og banken og returnert pengane uoppfordra, har Nordea sperra alle overføringar til min konto som takk for hjelpa.  Kundane får ikkje melding om at overføringane vert sperra.  Overføringane står berre som "venter" og vert aldri utført.

Fram til i går ettermiddag blånekta Nordea for at det var mogeleg å sperre for overføringar til ein ekstern konto på denne måten.  Det gjekk ikkje, og difor måtte problemet liggje i min bank.  Pisspreik.  Dette er sjølvsagt kundestøtte.  Dei jobbar ikkje i førstelinja fordi dei er speiselt kompetente til noko som helst.  I går ettermiddag fann dei ut at dei hadde lagt inn ei slik sperre.  Men dei "jobba med å oppheve sperringa".  Sperringa er der framleis.  Eg nektar å tru at det tek fleire dagar å fjerne ei sperring mot ein enkelt ekstern konto.  Overføringar til andre konti eg eig går heilt fint.  Det gjeld berre denne eine.

Fleire har tapt ganske mykje på dette.  Det gjeld dei som har avtalt kjøp for store summar til kursen som gjeld når pengane er framme (standard ved handel som er avtalt over epost) som ikkje fekk fram pengane før rentesenkinga i dag tidleg, som førte til at krona fall over 2% og bitcoin-kursen steig tilsvarande.  Eg har bede alle om å klage til Nordea, og gjerne forlange erstatning for tap.  Sovidt eg veit står det ikkje i vilkåra til Nordea at dei kan utsetje eit gyldig betalingsoppdrag i dagevis over alle fristar utan å melde frå til kunden.

Nordea si løysing på dette er at eg må be Nordea-kundar om å overføre til ein annan konto.  Mi løysing er å be Nordea-kundar skifte bank.

Om nokon har Nordea og føler for å klage litt, er de velkomne til å avtale ein symbolsk handel.  Berre lov meg å halde kundestøtte opptekne med klager til overføringa går gjennom.

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
aiop
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 21
Merit: 0


View Profile
October 12, 2015, 06:29:31 PM
 #7

Godt opservert sturle. Jeg har selv fått en phishing epost, men forsto det veldig fort. De er ganske frekke, og regner med at de sitter klare på innlogging. For meg var det Danske bank de prøvde å etterligne.
Oblodo
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 180
Merit: 100



View Profile
October 27, 2015, 07:45:36 PM
 #8

Derfor velger jeg cash og kun det. Solgte til en tysker i sommer, var ca €40.000, og jeg var litt stresset da jeg kjørte hjem med så mye cash. Tolleren på Svinesund fatta ingenting. Han var ikke vant med at folk deklarerte penger inn i Norge... Cool
xqus
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 172
Merit: 100



View Profile
January 16, 2016, 10:47:43 AM
 #9

Ikke meningen å grave opp en gammel tråd.

Jeg har forsøkt å selge litt bitcoin på LocalBitcoins i et par uker nå, og ta betalt med Vipps. Jeg har satt ganske lave beløpsgrenser.
En bruker var speisielt ivrig på å kjøpe "alt jeg hadde", men da betalingen plutselig kom fra forskjellige mobilnummer ble jeg skeptisk og avventende. Det var allerede for sent for de første ordrene som han laget var gjennomført.
Dagen etter tok DnB kontakt og kunne bekrefte at det var en som hadde fått tilgang til flere personer sin Vipps konto.

Akkurat nå har jeg satt salget litt på pause.

PGP fingerprint: B17233A1 || Bitrated user: xqus ≡ Free trust agent || LocalBitcoins ≡ Buy bitcoins locally
Wallet and Exchange security ≡ A security overview of wallets and exchanges. (forum thread)
securo
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 228
Merit: 100



View Profile
January 16, 2016, 02:52:18 PM
 #10

Bare hold tråden åpen, xqus. Det er nyttig å bli minnet på hvordan svindlere opererer.

My tipping jar; 197hyQxciZ9r7qj5CBsMvtNpqsRyM5NxuC
Pages: [1]
  Print  
 
Jump to:  

Powered by MySQL Powered by PHP Powered by SMF 1.1.19 | SMF © 2006-2009, Simple Machines Valid XHTML 1.0! Valid CSS!