Bitcoin Forum
May 04, 2024, 09:23:17 AM *
News: Latest Bitcoin Core release: 27.0 [Torrent]
 
   Home   Help Search Login Register More  
Pages: [1] 2 »  All
  Print  
Author Topic: Høyring i Stortinget om Stortingsmelding nr 4.  (Read 26559 times)
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no

View Profile WWW
December 09, 2015, 08:03:00 PM
 #1

Finanskomiteen på Stortinget held opa høyring den 15. desember om Stortingsmelding nr 4 2015-2016: Bedre skatt. En skattereform for omstilling og vekst.  Eg er invitert til høyring som representant for Elektronisk forpost Norge.

Eg har fem minutt til å ta opp viktige spørsmål om korleis bitcoin, kryptovaluta, kryptoaksjar og liknande bør passast inn i denne skattereformen.  Blant framlegga er mva eller marginavgifter på finansielle tenester.  Dvs at Noreg får eit heilt anna system enn EU.

Eg kjem til å ta opp dei utfordringane vi har møtt, og komme med konkrete framlegg til løysingar på dei.  Eg har berre fem minutt, og vil ha inn mest mogleg kort og konsist på ei A4-side som skal delast ut til komiteen.  Dette må vere ferdig før klokka 12 dagen før.  Les stortingsmelidinga, spesielt kapittel 11 og 14, og kom med innspel!

Eg kjem først og framst til å ta opp mva-problematikken.  Eg kjem òg til å ta opp den internasjonale karakteren til kryptovaluta, og kor vanskeleg det kan vere å plassere transaksjonar geografisk når ein skal definere import/eksport.  Eg kjem til å be om ei klagenemnd der ein kan ta opp prinsipputtaler og liknande frå Skattedirektoratet når ein meinar at dei tek feil, utan å måtte bryte med vedtaket og gå til rettssak mot Skatteetaten med risiko for å miste hus og heim.  Eg kjem òg til å ta opp framlegget frå departementet om at berre selskap som er konsesjons- eller meldepliktige til Finanstilsynet vil få pålagt marginavgifter.  Det bør vere arten av tenesta som vert utført som avgjer om ei teneste er avgiftspliktig eller ikkje.  Elles får vi ei gråsone av selskap som kan yte tilsvarande tenester som konsesjonspliktige føretak, utan å vere mva- eller marginavgiftspliktige, og eit prematurt press på regulering av den bransjen som er i direkte konkurranse med avgiftspliktige føretak.  Og ikkje minst kjem eg til å påpeike at avgifter må ta omsyn til at kryptovaluta-bransjen er internasjonal, og ikkje skade konkurranseevna eller gjere det byråkratisk tyngre å drive i Noreg enn i utlandet.  Dersom veksling mellom kryptovaluta og tradisjonell valuta kan gjerast avgiftsfritt i utlandet, vil det skade næringa i Noreg.  Og Skatttedirektoratet må få tidsfristar – eg ventar framleis på svar på spørsmål eg sendte dei i 2011.

Og meir, men eg må tenkje litt meir, prioritere og fatte meg kort og konsist med konkrete framlegg.

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
"If you don't want people to know you're a scumbag then don't be a scumbag." -- margaritahuyan
Advertised sites are not endorsed by the Bitcoin Forum. They may be unsafe, untrustworthy, or illegal in your jurisdiction.
aiop
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 21
Merit: 0

View Profile
December 12, 2015, 08:52:36 AM
 #2

Jeg tror du er den rette personen til dette. Du har utrolig god erfaring ifra begge sider, har sett og vært oppe i flere situasjoner som angår dette enn vi andre her vil jeg tro.

For meg er dette det viktig:

Det bør vere arten av tenesta som vert utført som avgjer om ei teneste er avgiftspliktig eller ikkje.

Og ikkje minst kjem eg til å påpeike at avgifter må ta omsyn til at kryptovaluta-bransjen er internasjonal, og ikkje skade konkurranseevna eller gjere det byråkratisk tyngre å drive i Noreg enn i utlandet.  Dersom veksling mellom kryptovaluta og tradisjonell valuta kan gjerast avgiftsfritt i utlandet, vil det skade næringa i Noreg. 

Mer enn det blir vanskelig å si for meg, men som sagt mener jeg du er rette person, og tenker riktig med hva som er viktig å legge frem
securo
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 228
Merit: 100

View Profile
December 17, 2015, 09:25:01 AM
 #3

Hvordan gikk det?

My tipping jar; 197hyQxciZ9r7qj5CBsMvtNpqsRyM5NxuC
Will H
Member
**
Offline Offline

Activity: 93
Merit: 10

View Profile WWW
December 17, 2015, 01:31:03 PM
Last edit: December 17, 2015, 06:32:48 PM by Will H
 #4

Sturle fortjener applause og klapp på skulderen.

https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Videoarkiv/Arkiv-TV-sendinger/?mbid=/2015/H264-full/Hoeringssal1/12/15/Hoeringssal1-20151215-144901.mp4&msid=1406&dateid=10003876

Bra formidlet, det er ikke lett spesielt når man har kort tid på svarene! Syns det var bra.
Liker dessuten strikkegenseren og faktumet at du var eneste uten dress, nice Grin

DrHaribo
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 2730
Merit: 1034

Needs more jiggawatts

View Profile WWW
December 17, 2015, 07:57:23 PM
 #5

Veldig bra. Takk for at du påtok deg dette, Sturle.

▶▶▶ bitminter.com 2011-2020 ▶▶▶ pool.xbtodigital.io 2023-
bthusby
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 5
Merit: 0

View Profile WWW
December 20, 2015, 01:34:12 AM
 #6

Bra innsats! Jeg skriver blogg for Bitcoins Norway, og det er gledelig å se det politiske arbeidet du gjør Smiley
securo
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 228
Merit: 100

View Profile
December 21, 2015, 08:16:07 PM
 #7

Takk for lenke,Will. Strålende innsats, Sturle!

My tipping jar; 197hyQxciZ9r7qj5CBsMvtNpqsRyM5NxuC
xqus
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 172
Merit: 100

View Profile
January 03, 2016, 02:43:31 PM
 #8

Takk for lenke,Will. Strålende innsats, Sturle!

Enighet! Veldig bra at jordnære fornuftige mennesker får være talerøret til Bitcoin miljøet.

PGP fingerprint: B17233A1 || Bitrated user: xqus ≡ Free trust agent || LocalBitcoins ≡ Buy bitcoins locally
Wallet and Exchange security ≡ A security overview of wallets and exchanges. (forum thread)
Nomad88
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1568
Merit: 1268

View Profile WWW
January 04, 2016, 12:30:12 AM
 #9

Veldig bra tale Sturle. Takk for videon  Wink

Jetboy
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 9
Merit: 0

View Profile
January 09, 2016, 09:21:56 AM
 #10

Selv om det neppe ble berørt i denne høringen, så er det største politiske spørsmålet produksjon av elektrisitet og avgifter på dette.

* PoW handler i praksis om å konvertere strøm til tokens. Den som har mest og billigst strøm, vinner.
* Systemer som Etherium vil poppe opp som paddehatter. Om integriteten beskyttes av PoW eller PoS eller noe annet, så vil disse i hovedsak handle om at en variert og desentralisert gruppe stiller prosesseringskraft til rådighet og få betalt deretter. Den som har mest og billigst strøm, vinner.

Om digital valuta er fremtiden, er billig energi avgjørende. Fint om politikken først kunne handle om hvordan vi baker kake før den henger seg opp i hvordan den skal fordeles.

sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no

View Profile WWW
January 09, 2016, 06:57:17 PM
 #11

Selv om det neppe ble berørt i denne høringen, så er det største politiske spørsmålet produksjon av elektrisitet og avgifter på dette.
Nei, det er heilt på sida.  Kina har bygd massevis av gigantiske vasskraftverk dei siste åra.  Under Tibet-platået har dei potensiale for vasskraft tilsvarande heile dagens kraftforbruk i Kina.  Problemet er at dei ikkje har kraftnett til å transportere denne krafta til forbrukarane, so denne krafta får du nesten gratis dersom du er der ho vert produsert.  Bitcoin-produsentane kan lett flytte utstyret sitt til der krafta vert produsert, og dei plasserer seg naturlegvis der.

I Noreg har vi eit godt utbygd kraftnett.  Du kan kanskje finne eit eller anna lite hytte-kraftverk som er avslått når ingen er der, men store mengder stranda kraft, som i Kina, får du ikkje tak i.

Du kan alltids inngå avtale med ein kraftverk-eigar om å plassere utstyr der.  Han betaler berre nettleige for den krafta han leverer til nettet, og du betaler berre avgifter for den krafta du får levert frå nettet.  Det er dessutan rabattar for stort forbruk som er lokalisert nær produksjon, og datasenter får avslag i elektrisitetsavgifta.  Når straumprisen er låg, som han har vore mykje i det siste, skulle det ikkje vere noko økonomisk i vegen for å produsere bitcoin her i landet.  Det vert mva på dei bitcoina du produserer og sel..

Om digital valuta er fremtiden, er billig energi avgjørende. Fint om politikken først kunne handle om hvordan vi baker kake før den henger seg opp i hvordan den skal fordeles.
I dette tilfellet er det allereie avgjort korleis kaka vert fordelt, og det er ikkje nokon økonomiske hinder i vegen for å produsere bitcoin i stor skala her i landet.  Problemet er kanskje at andre vil betale meir for straumen enn deg, og då vil sjølvsagt kraftprodusenten selje til nokon andre i staden.  Det er slik ein marknadsøkonomi fungerer..

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
Jetboy
Newbie
*
Offline Offline

Activity: 9
Merit: 0

View Profile
January 10, 2016, 06:57:07 PM
 #12

Quote from: sturle
I dette tilfellet er det allereie avgjort korleis kaka vert fordelt, og det er ikkje nokon økonomiske hinder i vegen for å produsere bitcoin i stor skala her i landet.  Problemet er kanskje at andre vil betale meir for straumen enn deg, og då vil sjølvsagt kraftprodusenten selje til nokon andre i staden.  Det er slik ein marknadsøkonomi fungerer..

Vi har en blandingsøkonomi med sterk statlig deltagelse (f.eks med tilrettelegging) og et enormt potensiale for høy kraftproduksjon. Det mest akutte problemet er at vi som energiprodusent satser for mye på oljen og for lite på vannkraften. Nå ville satsing på kraft stort sett handle om å eksportere renere kraft til Europa og mindre om elektriske penger, men hvorfor skulle vi ikke være i verdenseliten her?
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no

View Profile WWW
January 10, 2016, 09:29:41 PM
 #13

Noreg er ikkje ein spesielt stor kraftprodusent i verdsmålestokk, og det aller meste av potensialet for billig kraft (vasskraft med stort nedbørsfelt og stor fallhøgde) er allereie utbygd.  Vi har nettoeksport i dei fleste år, er nettoimportør i andre.  I gjennomsnitt er balansen grei.  Sidan 2000 har Noreg eksportert ca 5,5 TWh per år i gjennomsnitt.  Ca 4% av produksjonen, som er eit lite buffer når produksjonen er sopass veravhengig som han er.  Til samanlikning har Tyskland hatt ein nettoeksport på over 60 TWh dei siste par åra.  Det tilsvarer nesten halvparten av den totale kraftproduksjonen i Noreg i eit normalår.

Vi kan byggje ut mykje vindkraft, men det er for dyrt til den bruken du har tenkt deg.

Den viktigaste kjelda vi har til ny billig straum no, er import av overskotsproduksjon frå store vindkraftprodusentar, som Danmark, Sverige og Tyskland.  Sidan vi kan regulere det meste av produksjonen vår, kan vi foredle den til dyrare straum ved å lagre og levere vår på eit anna tidspunkt.  Der ligg nok det største inntektspotensialet for norsk vasskraft.  Sidan vi kan lagre krafta, vert ikkje prisen like låg her i landet.  I staden konkurrerer kraftprodusentane om å kjøpe krafta for å pumpe vatn frå låge magasin med stort nedbørsfelt opp til høgare magasin med større fallhøgde og mindre nedbørsfelt.  Der kan krafta lagrast lenge i påvente av mindre vind og høgare prisar.

Skal du ha billig straum, må du finne kraft som er stranda på eit eller anna vis.  Mange stader i Nord-Tyskland og i Danmark kan du av og til finne stranda vindkraft.  Dvs når vindturbinane produserer meir enn straumnettet er i stand til å frakte ut til kundar som vil betale.  Den får du gratis eller veldig billig.  Til tider kan du faktisk få betalt for å bruke krafta.  Problemet er at ein slik situasjon oppstår ganske sjeldan.  I Kina, derimot, der dei stadig opnar vasskraftverk som åleine produserer meir kraft enn heile Noreg til saman, utan å byggje ut straumnettet eller industrien tilsvarande, der finn du mykje av det.  Dei produserer heile tida, og er difor eit mykje betre val.  Finn eit kart og samanlikn Tibet-platået, som er nedbørsfeltet til kinesisk vasskraft, med det norske høgfjellet.  Vi snakkar om heilt andre dimensjonar.

No har vi divergert heilt frå temaet for denne tråden, so det er nok betre å halde fram ordskiftet i ein ny tråd.

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
securo
Full Member
***
Offline Offline

Activity: 228
Merit: 100

View Profile
January 26, 2016, 11:31:16 AM
 #14

Blanding av intervju med Sturles og omtale av moms-saken.
Hyggelig vinkling Smiley

http://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ha-momsfritak-for-digitale-myntar-1.12768524

My tipping jar; 197hyQxciZ9r7qj5CBsMvtNpqsRyM5NxuC
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no

View Profile WWW
January 28, 2016, 09:49:10 AM
 #15

Blanding av intervju med Sturles og omtale av moms-saken.
Hyggelig vinkling Smiley

http://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ha-momsfritak-for-digitale-myntar-1.12768524
Eg er ganske nøgd, men tykkjer fokuset er litt feil.  Journalisten ville absolutt vite kor mange bitcoin eg hadde, eller kor mykje eg hadde tent på dette til no.  Om det var hundre tusen eller ein halv million eller mange millionar.  Eg svarde mellom ein halv million og mange millionar, men dette er ikkje forteneste eg berre kan ta ut.  Av og til sel eg netto 100 BTC på ein dag, andre dagar kjøper eg netto 100 BTC på ein dag.  Eg må ha buffer for å handtere begge deler.  Det der kom ikkje fram i artikkelen.  Samt at den roboten som tente meir på ein månad enn eg gjorde på eit år, gjekk på MtGox.  Han dreiv fleir-valutahandel i kopla ordrebøker, som berre kunne gjerast der, og utnytta at MtGox regulerte valutakursane sine ein gong i døgeret, 12 timar etter at dei nye kursane MtGox brukte var publisert av ECB.  Vi var berre to som hadde oppdaga dette, og dermed var det gode pengar å tene.  Uansett vart mesteparten av fortenesta liggjande att i Japan. Sad  No er det so mange robotar om beinet på børsane med god nok likviditet at avkastninga på investert kapital vert for liten.

Det er ein artikkel i Firdaposten i dag.  Eg bladde opp og fann eit gigantisk arkivbilete frå Movember 2013 (eg aksepterte donasjonar til Movember-barten med bitcoin).  Det var sopass sjokkerande at eg ikkje har tort å opne avisa att.  Eg har ikkje ikledd meg bart korkje før eller sidan. Embarrassed

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no

View Profile WWW
January 28, 2016, 01:48:23 PM
 #16

Det er ein artikkel i Firdaposten i dag.  Eg bladde opp og fann eit gigantisk arkivbilete frå Movember 2013 (eg aksepterte donasjonar til Movember-barten med bitcoin).  Det var sopass sjokkerande at eg ikkje har tort å opne avisa att.
7-åringen, som kom heim frå skulen for litt sidan, rullar rundt på sofaen og klarar ikkje å slutte å le av det biletet.. Embarrassed

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
Grinder
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1284
Merit: 1001

View Profile
January 28, 2016, 04:13:14 PM
 #17

7-åringen, som kom heim frå skulen for litt sidan, rullar rundt på sofaen og klarar ikkje å slutte å le av det biletet.. Embarrassed
Du er nesten på toppen av nettutgaven, gratulerer Wink http://www.firdaposten.no/

Men jeg har sett mye verre varianter.
cryptotore
Sr. Member
****
Offline Offline

Activity: 324
Merit: 250

View Profile
January 29, 2016, 12:45:59 AM
 #18

Takk for all innsats sturle!

Noen som vet noe om regler for beregning av kostnad på en "minet" bitcoin? Dvs. hvordan skal gevinst beregnes på mining?
Venter på svar fra skatteetaten på dette, spent på svaret.

Angrer litt i grunn på at jeg tok kontakt Tongue
sturle (OP)
Legendary
*
Offline Offline

Activity: 1437
Merit: 1002

https://bitmynt.no

View Profile WWW
January 29, 2016, 08:30:57 AM
 #19

Takk for all innsats sturle!

Noen som vet noe om regler for beregning av kostnad på en "minet" bitcoin? Dvs. hvordan skal gevinst beregnes på mining?
Venter på svar fra skatteetaten på dette, spent på svaret.

Angrer litt i grunn på at jeg tok kontakt Tongue
Lukke til.  Dette spurde eg om i 2011.  Skattedirektoratet har saka. Grin

Sjå https://bitmynt.no for veksling av bitcoin mot norske kroner.  Trygt, billig, raskt og enkelt sidan 2010.
I buy with EUR and other currencies at a fair market price when you want to sell.  See http://bitmynt.no/eurprice.pl
Warning: "Bitcoin" XT, Classic, Unlimited and the likes are scams. Don't use them, and don't listen to their shills.
Propagandalf
Sr. Member
****
Offline Offline

Activity: 312
Merit: 250

View Profile
August 12, 2016, 11:09:26 PM
 #20

Er det noko oppdatering i forhold til lovgiving og skatt når det gjeld kryptovaluta i Noreg? Stå på Sturle, du gjer mykje bra arbeid!
Pages: [1] 2 »  All
  Print  
 
Jump to:  

Powered by MySQL Powered by PHP Powered by SMF 1.1.19 | SMF © 2006-2009, Simple Machines Valid XHTML 1.0! Valid CSS!