Bitcoin Forum
May 13, 2024, 10:07:13 PM *
News: Latest Bitcoin Core release: 27.0 [Torrent]
 
  Home Help Search Login Register More  
  Show Posts
Pages: « 1 2 3 4 5 6 7 [8] 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 ... 72 »
141  Local / Skandinavisk / Re: Høyring i Stortinget om Stortingsmelding nr 4. on: January 28, 2016, 09:49:10 AM
Blanding av intervju med Sturles og omtale av moms-saken.
Hyggelig vinkling Smiley

http://www.nrk.no/sognogfjordane/vil-ha-momsfritak-for-digitale-myntar-1.12768524
Eg er ganske nøgd, men tykkjer fokuset er litt feil.  Journalisten ville absolutt vite kor mange bitcoin eg hadde, eller kor mykje eg hadde tent på dette til no.  Om det var hundre tusen eller ein halv million eller mange millionar.  Eg svarde mellom ein halv million og mange millionar, men dette er ikkje forteneste eg berre kan ta ut.  Av og til sel eg netto 100 BTC på ein dag, andre dagar kjøper eg netto 100 BTC på ein dag.  Eg må ha buffer for å handtere begge deler.  Det der kom ikkje fram i artikkelen.  Samt at den roboten som tente meir på ein månad enn eg gjorde på eit år, gjekk på MtGox.  Han dreiv fleir-valutahandel i kopla ordrebøker, som berre kunne gjerast der, og utnytta at MtGox regulerte valutakursane sine ein gong i døgeret, 12 timar etter at dei nye kursane MtGox brukte var publisert av ECB.  Vi var berre to som hadde oppdaga dette, og dermed var det gode pengar å tene.  Uansett vart mesteparten av fortenesta liggjande att i Japan. Sad  No er det so mange robotar om beinet på børsane med god nok likviditet at avkastninga på investert kapital vert for liten.

Det er ein artikkel i Firdaposten i dag.  Eg bladde opp og fann eit gigantisk arkivbilete frå Movember 2013 (eg aksepterte donasjonar til Movember-barten med bitcoin).  Det var sopass sjokkerande at eg ikkje har tort å opne avisa att.  Eg har ikkje ikledd meg bart korkje før eller sidan. Embarrassed
142  Local / Skandinavisk / Re: Høyring i Stortinget om Stortingsmelding nr 4. on: January 10, 2016, 09:29:41 PM
Quote from: sturle
I dette tilfellet er det allereie avgjort korleis kaka vert fordelt, og det er ikkje nokon økonomiske hinder i vegen for å produsere bitcoin i stor skala her i landet.  Problemet er kanskje at andre vil betale meir for straumen enn deg, og då vil sjølvsagt kraftprodusenten selje til nokon andre i staden.  Det er slik ein marknadsøkonomi fungerer..
Vi har en blandingsøkonomi med sterk statlig deltagelse (f.eks med tilrettelegging) og et enormt potensiale for høy kraftproduksjon. Det mest akutte problemet er at vi som energiprodusent satser for mye på oljen og for lite på vannkraften. Nå ville satsing på kraft stort sett handle om å eksportere renere kraft til Europa og mindre om elektriske penger, men hvorfor skulle vi ikke være i verdenseliten her?
Noreg er ikkje ein spesielt stor kraftprodusent i verdsmålestokk, og det aller meste av potensialet for billig kraft (vasskraft med stort nedbørsfelt og stor fallhøgde) er allereie utbygd.  Vi har nettoeksport i dei fleste år, er nettoimportør i andre.  I gjennomsnitt er balansen grei.  Sidan 2000 har Noreg eksportert ca 5,5 TWh per år i gjennomsnitt.  Ca 4% av produksjonen, som er eit lite buffer når produksjonen er sopass veravhengig som han er.  Til samanlikning har Tyskland hatt ein nettoeksport på over 60 TWh dei siste par åra.  Det tilsvarer nesten halvparten av den totale kraftproduksjonen i Noreg i eit normalår.

Vi kan byggje ut mykje vindkraft, men det er for dyrt til den bruken du har tenkt deg.

Den viktigaste kjelda vi har til ny billig straum no, er import av overskotsproduksjon frå store vindkraftprodusentar, som Danmark, Sverige og Tyskland.  Sidan vi kan regulere det meste av produksjonen vår, kan vi foredle den til dyrare straum ved å lagre og levere vår på eit anna tidspunkt.  Der ligg nok det største inntektspotensialet for norsk vasskraft.  Sidan vi kan lagre krafta, vert ikkje prisen like låg her i landet.  I staden konkurrerer kraftprodusentane om å kjøpe krafta for å pumpe vatn frå låge magasin med stort nedbørsfelt opp til høgare magasin med større fallhøgde og mindre nedbørsfelt.  Der kan krafta lagrast lenge i påvente av mindre vind og høgare prisar.

Skal du ha billig straum, må du finne kraft som er stranda på eit eller anna vis.  Mange stader i Nord-Tyskland og i Danmark kan du av og til finne stranda vindkraft.  Dvs når vindturbinane produserer meir enn straumnettet er i stand til å frakte ut til kundar som vil betale.  Den får du gratis eller veldig billig.  Til tider kan du faktisk få betalt for å bruke krafta.  Problemet er at ein slik situasjon oppstår ganske sjeldan.  I Kina, derimot, der dei stadig opnar vasskraftverk som åleine produserer meir kraft enn heile Noreg til saman, utan å byggje ut straumnettet eller industrien tilsvarande, der finn du mykje av det.  Dei produserer heile tida, og er difor eit mykje betre val.  Finn eit kart og samanlikn Tibet-platået, som er nedbørsfeltet til kinesisk vasskraft, med det norske høgfjellet.  Vi snakkar om heilt andre dimensjonar.

No har vi divergert heilt frå temaet for denne tråden, so det er nok betre å halde fram ordskiftet i ein ny tråd.
143  Local / Skandinavisk / Re: Høyring i Stortinget om Stortingsmelding nr 4. on: January 09, 2016, 06:57:17 PM
Selv om det neppe ble berørt i denne høringen, så er det største politiske spørsmålet produksjon av elektrisitet og avgifter på dette.
Nei, det er heilt på sida.  Kina har bygd massevis av gigantiske vasskraftverk dei siste åra.  Under Tibet-platået har dei potensiale for vasskraft tilsvarande heile dagens kraftforbruk i Kina.  Problemet er at dei ikkje har kraftnett til å transportere denne krafta til forbrukarane, so denne krafta får du nesten gratis dersom du er der ho vert produsert.  Bitcoin-produsentane kan lett flytte utstyret sitt til der krafta vert produsert, og dei plasserer seg naturlegvis der.

I Noreg har vi eit godt utbygd kraftnett.  Du kan kanskje finne eit eller anna lite hytte-kraftverk som er avslått når ingen er der, men store mengder stranda kraft, som i Kina, får du ikkje tak i.

Du kan alltids inngå avtale med ein kraftverk-eigar om å plassere utstyr der.  Han betaler berre nettleige for den krafta han leverer til nettet, og du betaler berre avgifter for den krafta du får levert frå nettet.  Det er dessutan rabattar for stort forbruk som er lokalisert nær produksjon, og datasenter får avslag i elektrisitetsavgifta.  Når straumprisen er låg, som han har vore mykje i det siste, skulle det ikkje vere noko økonomisk i vegen for å produsere bitcoin her i landet.  Det vert mva på dei bitcoina du produserer og sel..

Om digital valuta er fremtiden, er billig energi avgjørende. Fint om politikken først kunne handle om hvordan vi baker kake før den henger seg opp i hvordan den skal fordeles.
I dette tilfellet er det allereie avgjort korleis kaka vert fordelt, og det er ikkje nokon økonomiske hinder i vegen for å produsere bitcoin i stor skala her i landet.  Problemet er kanskje at andre vil betale meir for straumen enn deg, og då vil sjølvsagt kraftprodusenten selje til nokon andre i staden.  Det er slik ein marknadsøkonomi fungerer..
144  Local / Skandinavisk / Høyring i Stortinget om Stortingsmelding nr 4. on: December 09, 2015, 08:03:00 PM
Finanskomiteen på Stortinget held opa høyring den 15. desember om Stortingsmelding nr 4 2015-2016: Bedre skatt. En skattereform for omstilling og vekst.  Eg er invitert til høyring som representant for Elektronisk forpost Norge.

Eg har fem minutt til å ta opp viktige spørsmål om korleis bitcoin, kryptovaluta, kryptoaksjar og liknande bør passast inn i denne skattereformen.  Blant framlegga er mva eller marginavgifter på finansielle tenester.  Dvs at Noreg får eit heilt anna system enn EU.

Eg kjem til å ta opp dei utfordringane vi har møtt, og komme med konkrete framlegg til løysingar på dei.  Eg har berre fem minutt, og vil ha inn mest mogleg kort og konsist på ei A4-side som skal delast ut til komiteen.  Dette må vere ferdig før klokka 12 dagen før.  Les stortingsmelidinga, spesielt kapittel 11 og 14, og kom med innspel!

Eg kjem først og framst til å ta opp mva-problematikken.  Eg kjem òg til å ta opp den internasjonale karakteren til kryptovaluta, og kor vanskeleg det kan vere å plassere transaksjonar geografisk når ein skal definere import/eksport.  Eg kjem til å be om ei klagenemnd der ein kan ta opp prinsipputtaler og liknande frå Skattedirektoratet når ein meinar at dei tek feil, utan å måtte bryte med vedtaket og gå til rettssak mot Skatteetaten med risiko for å miste hus og heim.  Eg kjem òg til å ta opp framlegget frå departementet om at berre selskap som er konsesjons- eller meldepliktige til Finanstilsynet vil få pålagt marginavgifter.  Det bør vere arten av tenesta som vert utført som avgjer om ei teneste er avgiftspliktig eller ikkje.  Elles får vi ei gråsone av selskap som kan yte tilsvarande tenester som konsesjonspliktige føretak, utan å vere mva- eller marginavgiftspliktige, og eit prematurt press på regulering av den bransjen som er i direkte konkurranse med avgiftspliktige føretak.  Og ikkje minst kjem eg til å påpeike at avgifter må ta omsyn til at kryptovaluta-bransjen er internasjonal, og ikkje skade konkurranseevna eller gjere det byråkratisk tyngre å drive i Noreg enn i utlandet.  Dersom veksling mellom kryptovaluta og tradisjonell valuta kan gjerast avgiftsfritt i utlandet, vil det skade næringa i Noreg.  Og Skatttedirektoratet må få tidsfristar – eg ventar framleis på svar på spørsmål eg sendte dei i 2011.

Og meir, men eg må tenkje litt meir, prioritere og fatte meg kort og konsist med konkrete framlegg.
145  Local / Skandinavisk / Re: Spørsmål om mva på bitcoin i Stortinget on: December 09, 2015, 09:37:13 AM
Det ble besvart 18/11.

"Etter dommen 22. oktober 2015 har departementet i brev 13. november 2015 bedt Skattedirektoratet på nytt om å vurdere «digital valuta» og meirverdiavgift. Vi har også bedt direktoratet å vurdere om ein bør gjere endringar i meirverdiavgiftslova. Direktoratet er bedt om å svare innan 15. januar 2016."
Eg fekk svar på spørsmålet eg sendte til Skatteetaten so snart dommen i EU-domstolen var avsagt.  Dei skriv:
Quote from: Skatteetaten
Vi har tatt saken opp med Skattedirektoratet som vil ta saken videre med Finansdepartementet.
Finansdepartementet sender saka til Skattedirektoratet, og Skattediretktoratet sender saka til Finansdepartementet.  Dei kranglar om kven som har ballen.  Fantastisk.
146  Local / Skandinavisk / Re: Spørsmål om mva på bitcoin i Stortinget on: November 13, 2015, 10:24:52 AM
Noen som har noen formening om hvor lang tid dette kan ta å få svar på?
Sovidt eg veit er svarfristen to veker.
147  Local / Skandinavisk / Spørsmål om mva på bitcoin i Stortinget on: November 12, 2015, 10:07:14 AM
Spørsmål til finansministeren om mva på bitcoin i Stortinget:

Quote
Sveinung Rotevatn (V): Vil EU-domstolen si avgjersle av 22. oktober om å frita omsetnad av kryptovalutaen bitcoin for meirverdiavgift få konsekvensar for tilsvarande avgiftsregime i Noreg?

Meir her.
148  Local / Skandinavisk / Re: Mva på bitcoin, Lighthouse-prosjekt on: October 23, 2015, 02:16:32 PM
Eg sendte brev til Skattedirektoratet i går.  Reknar med dei snur innan kort tid.
149  Local / Skandinavisk / Re: Bitcoin-kveld på NRK2 i kveld on: October 20, 2015, 06:09:34 PM
Og for to timar sidan kom dette innlegget på NRK Ytring: En digital Robin Hood
150  Local / Skandinavisk / Re: Hjälp mig! on: October 01, 2015, 07:58:55 PM
Kan jag på något sätt knyta ihop en adress till en sida?
Prøv walletexplorer.com.
151  Local / Skandinavisk / Re: Norsk nettbank-phishing og Localbitcoins on: September 24, 2015, 07:39:32 PM
Nordea kan du få billig av meg.  Har du Nordea, skift bank.

Etter å ha avslørt phishinga, kontakta offeret og banken og returnert pengane uoppfordra, har Nordea sperra alle overføringar til min konto som takk for hjelpa.  Kundane får ikkje melding om at overføringane vert sperra.  Overføringane står berre som "venter" og vert aldri utført.

Fram til i går ettermiddag blånekta Nordea for at det var mogeleg å sperre for overføringar til ein ekstern konto på denne måten.  Det gjekk ikkje, og difor måtte problemet liggje i min bank.  Pisspreik.  Dette er sjølvsagt kundestøtte.  Dei jobbar ikkje i førstelinja fordi dei er speiselt kompetente til noko som helst.  I går ettermiddag fann dei ut at dei hadde lagt inn ei slik sperre.  Men dei "jobba med å oppheve sperringa".  Sperringa er der framleis.  Eg nektar å tru at det tek fleire dagar å fjerne ei sperring mot ein enkelt ekstern konto.  Overføringar til andre konti eg eig går heilt fint.  Det gjeld berre denne eine.

Fleire har tapt ganske mykje på dette.  Det gjeld dei som har avtalt kjøp for store summar til kursen som gjeld når pengane er framme (standard ved handel som er avtalt over epost) som ikkje fekk fram pengane før rentesenkinga i dag tidleg, som førte til at krona fall over 2% og bitcoin-kursen steig tilsvarande.  Eg har bede alle om å klage til Nordea, og gjerne forlange erstatning for tap.  Sovidt eg veit står det ikkje i vilkåra til Nordea at dei kan utsetje eit gyldig betalingsoppdrag i dagevis over alle fristar utan å melde frå til kunden.

Nordea si løysing på dette er at eg må be Nordea-kundar om å overføre til ein annan konto.  Mi løysing er å be Nordea-kundar skifte bank.

Om nokon har Nordea og føler for å klage litt, er de velkomne til å avtale ein symbolsk handel.  Berre lov meg å halde kundestøtte opptekne med klager til overføringa går gjennom.
152  Local / Skandinavisk / Re: Norsk nettbank-phishing og Localbitcoins on: September 17, 2015, 03:08:58 PM
Detta kallas ofta för en Man in the middle scam. Rätt svårt att upptäcka, men bäst är att alltid kontrollera ID på personen som deponerar pengarna. Speciellt om deras LocalBitcoins konto inte har tidigare Real Name Confirmations (förresten, ta en titt inne i inställningarna, vi har nu en ny funktion där du kan välja att visa åt andra de personer som du identifierat). Det gäller att inte bara be av köparen en bild på ID kortet utan be personen hålla upp kortet vid sitt ansikte och också skriva på en papperslapp ett meddelande åt dig. Detta skrämmer bort alla scammers för det är så svårt att få detta av phishing offret.
Nei, det var ikkje man-in-the-middle.  Den som betalte bitcoin hadde full kontroll på bankkontoen til offeret, og har både lagt inn handelen og gjennomført betalinga frå bankkontoen til offeret.  Ikkje meir man-in-the-middle enn då nokon tippa på hest med stolne kredittkort og sendte gevinsten til min bnkkonto for å kjøpe bitcoin.

Man-in-the-middle har eg vore borti fleire gonger.  Den klassiske er Kamerun-svindel, som ofte føregår ved sal av fiktive kjeledyr på nett.  Dei ber om forskotsbetaling frå offeret og oppgjev min bankkonto for betaling, samstundes som dei opprettar ein handel på den summen.

ID avslører ikkje alle former for svindel.  For nokre veker sidan var eg forsøkt brukt som muldyr i ein romanse-svindel.   Eg fatta mistanke og tok kontakt med banken til dama som hadde betalt, og forklarte at kunden deira sannsynlegvis var utsett for svindel.  Banken tok kontakt med kunden og kunden ringte meg.  Ho hadde forelska seg i ein fyr som stadig kom i trøbbel i ulike delar av verda.  Denne gongen var han vistnok på sjukehus i Laos, og overtalte dama til å betale 36000 kroner til meg for (hald deg fast) bitcoin han skulle sende til ein bank i England for å få tilgong til bankkontoen sin for å betale sjukehusrekninga!  Det tok litt tid å forklare dama at dette garantert var svindel (bitcoin-kjøparen hadde forresten IP-adresse i USA, ikkje Laos), og det viste seg at ho hadde overført fleire hundre tusen til denne mannen over lang tid, til ulike utanlandske konti.  Ho vart naturlegvis lei seg, men verka letta for at nokon omsider fekk ho til å innsjå at ho var lurt.  Både sonen hennar og banken hadde åtvara ho tidlegare, men då hadde ho ikkje trudd på dei.  Det er vanleg at offer for romanse-svindel sit veldig godt på kroken.  Ho hadde nok gjerne teke bilete med ID dersom svindlaren ba ho om å gjere det.

Når eg ber om ID er det mange som avstår for å kjøpe.  Folk er forståeleg nok forsiktige med å dele ut ID til alle og einkvar i frykt for ID-tjuveri.  Real Name Confirmation har liten verdi for norsk bankoverføring, fordi vi ikkje ser kven som har betalt eller meldinga på overføringa før 1-2 dagar etter at pengane er framme.  Folk veit at pengane er framme lenge før det, og det vert eit veldig mas om kor mykje det hastar med å få bitcoin.  Eg har etter kvart utvikla ein god teft for svindel.  Vilkåra mine er slik formulert at eg kan vente med å sleppe bitcoin til meldinga er synleg og eg ser kven som har betalt dersom eg får den minste mistanke.  Vilkåra står berre på norsk.  Dei fleste svindlarane forstår ikkje norsk, og bryt dermed vilkåra på ein eller annan måte.  Då har eg tid til å ringe til den som har overført pengane og spørre kva det er dei har betalt for.

Folk svindlar til seg ID på ulike måtar og.  Ein metode er sal av billige bitcoin for PayPal mot at kjøparen identifiserer seg med ID.  Det er aldri mangel på desperate folk som gjer kva som helst for å kjøpe bitcoin med PayPal.
153  Local / Skandinavisk / Norsk nettbank-phishing og Localbitcoins on: September 17, 2015, 11:04:38 AM
Nytt fenomen (for meg) observert på Localbitcoins i går: Betaling frå offer for nettbank-phishing

So langt har ikkje dette vore ein stor risiko med norsk bankoverføring, men i går fekk eg ei innbetaling på 12000 kroner frå ein liten butikk som er heilt unaturleg at skulle handle med bitcoin.  Betalinga kom inn med rett melding og alt, men det var likevel eit par ting som ikkje stemte.  Til dømes at avsendar av pengane ikkje kunne norsk.  Eg tok ein telefon, og butikken kjende ikkje til utbetalinga.  Men butikksjefen sleit litt med å komme inn på nettbanken.  Han hadde nemleg fått ein e-post frå Nordea om at han måtte inn å oppgradere noko.  Etter at han hadde vore inne på nettsidene og gjort det, hadde ikkje kodebrikka fungert...

Vi kan altso konstatere at dei som driv med nettbank-phising no prøvar seg med å kjøpe bitcoin med dei stolne pengane.  Ver obs på dette om du sel bitcoin for norsk bankoverføring.  Ikkje send frå deg bitcoin før du har rydda all tvil av vegen.  Du kan rekne med å måtte returnere pengane dersom det er svindel, men bitcoina kjem du ikkje til å sjå att.

I tilfelle folk tykkjer eg har vorte streng med vilkåra mine i det siste, er det fordi eg opplever stadig fleire svindelforsøk.  Om eg ikkje handhevar vilkåra strengt, kjem nokon til å klare det.  Då vert det vanskeleg å halde fram med fornuftige kursar utan å krevje ID av alle som handlar.
154  Local / Skandinavisk / Re: Varför är det så dött i skandinaviska forumet? on: September 08, 2015, 07:31:15 PM
Men det er og investorar som kjøper mykje, grekarar som jobbar i Noreg og sender bitcoin til Hellas fordi pengar dei sender gjennom bank ikkje kan takast ut i Hellas, folk som skal betale noko med bitcoin, osv.
Interessant, da jeg nylig leste at Grekere ikke får kjøpt Bitcoin pga alle bank problemene i Hellas. Hvordan omsettes bitcoins i Hellas? Localbitcoins?
Mot kontantar.  Reknar med dei brukar Localbitcoins, ja.

Dessverre er det stadig færre nordmenn som sel bitcoin til meg.
Men det er kanskje bra, siden det betyr det en netto flukt bort fra NOK til BTC, og derfra til mindre sporbare altcoins. Spesielt nå med en så svak krone er det enda mindre attraktivt å veksle tilbake til NOK.
Berre om du trur krona vil halde fram med å svekke seg.  "Ekspertane" spår derimot at krona skal styrke seg utover hausten, og det har slått litt til i det siste.  Då løner det seg å veksle til norske kroner no, dersom du trur bitcoin-kursen vil halde seg stabil mot USD og EUR.  Det som er litt meir risikabelt er å overføre pengar til utanlandske børsar for å kjøpe inn bitcoin som du sel til meg med forteneste.  Det løner seg når krona er stabil, men er eit tapsprosjekt dersom krona styrkar seg med ein prosent frå du overførte pengane til dei er framme.  Krona har ikkje vore spesielt stabil i det siste, og det kan vere ein grunn til at færre gjer dette no.

Om du derimot har bitcoin og treng kroner, løner det seg garantert å selje dei til meg framfor å selje dei utanlands og overføre pengar derifrå. Smiley
155  Local / Skandinavisk / Re: Scandinavian banks/prepaid cards and bitcoin on: September 08, 2015, 05:07:46 PM
I myself sold some coins and was paid by bank transfers. As most people doing this, I experienced at some point one buyer initiating a (fraudulent) chargeback claiming non-delivery of coins, after which my bank (BNBank) made efforts to shut down my account (they froze it for a while and only reopened it after a lot of complaining). If you plan on selling coins and accepting deposit into your bank account, just make sure you have a paper trail of some sort in case your buyer tries to scam you (*especially* Germans!)
German banks have very bad security.  The person sending you the money was almost certainly not the same who bought bitcoin!  In Germany many transfers are still done via paper by filling out a form and sending it to the bank.  If it is below 500 EUR, the bank will probably not check the signature, or do a very bad job at it.  German banks have an API as well, which is good and popular to use.  It doesn't support 2 factor authentication however, so if someone get your keys, e.g. via a Wintendo virus, you have lost.  And other problems.  I don't accept transfers of amounts below 500 EUR from German banks myself, decline everyone coming from VPNs and Tor, etc.  A few times I have called my bank and asked them to return the money and asked them to inform the sending bank because the scam was obviuos.

Note that you may get in real trouble if you refuse to return stolen money.
156  Local / Skandinavisk / Re: Varför är det så dött i skandinaviska forumet? on: September 08, 2015, 07:42:02 AM
Om det er lite liv på forumet her, er det i alle fall stadig fleire nordmenn som kjøper bitcoin!  Eg har hatt god omsetningsvekst gjennom heile året, og august var ein ny rekordmånad.  Mange av dei nye kjøparane er Windows-brukarar og firma med ransom-ware. Sad  Men det er og investorar som kjøper mykje, grekarar som jobbar i Noreg og sender bitcoin til Hellas fordi pengar dei sender gjennom bank ikkje kan takast ut i Hellas, folk som skal betale noko med bitcoin, osv.

Dessverre er det stadig færre nordmenn som sel bitcoin til meg.  Eg må kjøpe inn stadig meir frå utlandet, trass i at eg betaler betre kurs enn nokon annan børs.  Litt usikker på kva eg skal gjere for å snu den trenden.  Eg har ikkje lyst til å auke kursen meir, sidan det naturleg nok får fylgjer for salskursen i tillegg.
157  Local / Skandinavisk / Re: Mva på bitcoin, Lighthouse-prosjekt on: August 11, 2015, 01:24:03 PM
Eg har hatt ein ny prat med Deloitte.  Eit par punkt som kan endre snu saka i vår favør:

  • Saka i EU-domstolen.  Noreg er ikkje med på skatte- og avgiftspolitikk ligg utanfor EØS-avtala, men lovgjevarane har lagt stor vekt på å tilpasse norsk lov til EU.  I tolkningsspørsmål kring fritaket for finansielle tenester, får dommar i EU-domstolen nesten alltid avgjerande vekt.
  • Statsbudsjettet kjem ca 10. oktober.  Dersom Regjeringa har tenkt at Stortinget skal ta opp spørsmålet om mva på finansielle tenester på nytt i tråd med Scheel-utvalet før nyttår, vil dei ta høgde for endringane i budsjettet.

Skattedirektoratet kan framleis ikkje fortelle meg nøyaktig korleis eg skal rekne mva, til dømes ved børshandel.  Då kan ikkje eg rekne mva i praksis, fordi Skattedirektoratet ikkje oppfyller si opplysningsplikt.  Eg kan ikkje klandrast for det.  Dermed tenkjer eg at vi sit stille i båten og ikkje brukar tid på alternative løysingar eller framprovokasjon av svar frå Skattedirektoratet, før vi ser den endelege dommen frå EU-domstolen og statsbudsjettet for 2016.
158  Local / Skandinavisk / Re: Mva på bitcoin, Lighthouse-prosjekt on: July 12, 2015, 07:56:03 AM
Eg har purra på svar to gongar sidan april.  Fekk to "out of office" svar no.  Eit av dei seier at han er attende den 20. juli, det andre 15. oktober. :-/

Elles er det utvikling mot ein felles politikk i EU, med svar frå EU-domstolen venta i neste veke.  I forarbeida som Skattedirektoratet viser til, er det et eit uttalt mål å tilpasse seg regelverket i EU.  Då kan ikkje Skattedirektoratet ignorere konklusjonen til EU-domstolen heilt.
159  Bitcoin / Bitcoin Discussion / Re: Bitcoin transaction Times SUCK on: July 11, 2015, 08:16:50 PM
Brother I send payments all day long anywhere from .5 BTC up to 3 BTC at a time, always use 10,000 satoshi for transaction fees. I have not had a 10 to 15 minute transaction in over a year, 20 minutes is the fastest I have seen in a year. average of 35 minutes longest 2 hours and 25 minutes.
How do you manage that?  I usually send multiple outputs per transaction, i.e. larger transactions, using only 2000 satoshi per KB as fee.  About ten transactions a day by average.  Mine almost always confirm on the first block.  Perhaps you are using very young inputs?  I practically never include inputs with less than 6 confirmations, and usually at least 100.
160  Bitcoin / Bitcoin Discussion / Re: Next level Bitcoin stress test -- June 29-30 13:00 GMT 2015 on: July 10, 2015, 08:11:21 PM
EDIT: Badly done Antispam is even more dengues... If your Antispam filter would reject all mails that had more then 10 recipients you would not be happy about it... If sender would not get a message that that happen it would be even a bigger problem in case it is a legit impotent mail... So just say if it has more then 200 outputs it is spam is really stupid way to do that...
Senders have to deal with that.  This is a P2P network where you must assume the nodes you are talking to are hostile.  I can even pretend to accept the transaction, and forget about it without relaying it.  You have no way to know until you receive your transaction from other nodes, and even then it may be my nodes cooperating to fool you.  So you better keep sending it to new nodes until you reach someone willing to mine it.
Pages: « 1 2 3 4 5 6 7 [8] 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 ... 72 »
Powered by MySQL Powered by PHP Powered by SMF 1.1.19 | SMF © 2006-2009, Simple Machines Valid XHTML 1.0! Valid CSS!